«The Neon Demon» kan bli forboden grunna nekrofili og kannibalisme
Filmen frå Drive-regissøren blir for valdeleg for David Camerons taleskrivar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Film kan bli forbode
I kveld er det noregspremiere på Drive-regissør Nicolas Winding Refn sin nyaste film The Neon Demon.
Filmen har allereie vakt sterke reaksjonar på filmfestivalen i Cannes, der han vart møtt av buande publikummarar. Filmpolitiets Birger Vestmo har på si side gitt filmen terningkast fem, medan Aftenpostens meldar berre har trilla ein trear.
Kannibalisme og nekrofili
Filmen handlar om 16 år gamle Jesse (Elle Fanning) som kjem til Los Angeles for å jobba som modell. I ei verd full av glitter og glamour møter ho den svært visuelle valden, som gjerne kjenneteiknar Winding Refn sine filmar. Publikum i Cannes reagerte mellom anna sterkt på enkeltscenene som skildra kannibalisme og lesbisk nekrofili.
Det er på bakgrunn av desse scenane at Clare Foges, som er David Camerons taleskrivar, tek til orde for å forby filmen i England.
Før filmen kan visast i Storbritannia skal han vurderast av BBFC (British Board of Film Classification), for å bestemme aldersgrense.
I ein kronikk i The Daily Mail kritiserer Clare Foges den britiske sensuren for å vere for mild, både når det kjem til aldersgrenser, men òg i å tillata svært valdelege filmar til publikum over 18 år.
– Vil BBC gi etter, som vanleg, og tillata endå meir forderva innhald på våre kinoskjermar? Spør Foges.
I Noreg har filmen fått 18 års aldersgrense av Medietilsynet på grunn av «ein gjennomgåande angstskapande stemning og skildring av ei ekstrem seksuell handling».
Filmen er den fjerde kinofilmen på fem år som får den aller strengaste aldersgrensa i Norge. Dei tre andre er The Green Inferno, Django Unchained og The Raid 2.
Regissør tek kritikken med ro
Nicolas Winding Refn tek på si side kritikken med knusande ro og har allereie invitert Foges på filmvisning via Twitter.
Hey @MailOnline, thanks for trying to ban #TheNeonDemon… perhaps it's time you saw it? Drop me a line and come to a screening. NWR
— Nicolas Winding Refn (@NicolasWR) 6. juni 2016
I eit intervju med NRKs Filmpolitiet i dag forklarar regissøren kvifor han tek dei negative reaksjonane som eit godt teikn.
– Kunstnarar er berre interessante når dei polariserar. Å skapa ein reaksjon er kjernen av kreativitet. Godt eller dårleg har ingen betydning lenger på grunn av den digitale revolusjonen. Det handlar meir om korleis du reagerer på det, korleis det snakkar til deg og kva det får deg til å føla, seier Winding Refn til Filmpolitiet.
Les meir!
Fransk domstol forbyr å visa Blå er den varmeste fargen på grunn av «realistiske sexscener»
Ni av ti kinofilmar kjem frå USA og Europa: – Me er meir amerikanske enn amerikanarane
Regjeringa går til kamp mot TV-vald – vil ikkje visa 18-årsfilmar før klokka 23.00