Forlaget Oktober melder at den populære forfattaren kjem med ei novellesamling til hausten, som har fått tittelen Menn som ingen treng.
Samstundes melder forlaget at I morgon er det måndag, boka som er ein del av Saganatt. Lundetrilogien, blir gitt ut i Kroatia.
Filmatisert som grå komedie
Romanen vart også filmatisert i 2014, og resultatet vart Her er Harold. Fleire gav filmen god kritikk, men vår anmeldar var meir skeptisk.
– Diverre endar ikkje filmen med eit stort smell. Det missar liksom litt piffen når kidnappingsplanen fell i fisk, same kor villig offeret er. Men turen til Sverige er lystig smådyster. Dysterlystig, skreiv Andrea Rygg Nøttveit den gong.
Likevel hadde filmen fleire positive sider:
– Humoren treff godt, utan å prøve for hardt. Du veit det er ei grå komedie når salen ler når Sundquist serverer replikken: «Mor di e’ dø’. Æ beklage», til den nyskilte, alkoholiserte sonen i Oslo, spelt av Vidar Magnussen.
Det er det kroatiske forlaget Disput som har kjøpt I morgon er det måndag for distribusjon i Kroatia. Same forlag ga også ut Grytten-romanen Brenn huset ned i 2015, som vart møtt med gode kritikkar ifølgje forlaget.
Du kan lesa meir om Frode Grytten og god litteratur hos Framtida.no:
No går salet av e-bøker og lydbøker oppover – i fjor handla nordmenn for 5,9 milliardar kroner.