Opplegget er kjent – like før den store feiringa er det sånn at bedrifter som har noko å selje tenker at nå er tida inne for å få opp farta på kortterminalane.

Da er det lurt å knyte produkta dine til alt det positive med festen: At folk gleder seg til høgtid, at dei liker å ha selskap og pynte seg og vere glade. Sånn var det med Europris før 17. mai. Da fekk vi ei fargeglad brosjyre i posten med tittelen: «Ja, vi elsker lave priser.» Her var det ganske freidig bruk av nasjonalsong og flagg. Berre på framsida var det 12 flagg, inkludert dei på bildet av ei kransekake. (Om produkta i brosjyren er så veldig norske, er eit anna spørsmål.)

Poenget er å ta eit stykk høgtid, finne det typiske ved det folk assosierer med høgtida og pøse på med det sånn at folk får lyst til å kjøpe. Fleire ikoniske greier i 17. mai-reklamen: barn i bunad, 17.-mai-sløyfer, blåser og musikkorps. Alt skal med.

Melange margarin har ein 17. mai-reklamefilm som begynner med NRK-kjendis Atle Pettersen i uniform framfor eit skolekorps, og så går vidare til kjøkkenet, der Atle står og blar i boka «Hvordan koke vann». Så høyrer vi forteljarstemma: «Hvordan har det seg da at Atle er kjent for sine saftige 17.-maiboller?

Han bruker Melange – perfekt til baking.» Sluttbildet i reklamesnutten er eit fat med perfekt bruna bollar og Melange-pakka med eit norsk flagg på.

Skal vi bli irriterte på dette? Melange er jo til og med laga i Fredrikstad? Nei, det er vel berre å ta inn over seg at det er sånn det er i kapitalismens tid.

Tenk på jula – der er det nesten sånn at alt stæsjet rundt handleprosessen gir vel så heftig julekos som sjølve jula.

Kva er meir jul enn den tjukke, blide Coca-Cola-nissen for eksempel, eller å gå på juleshopping? Og akkurat som nasjonalsong og nasjonalsalme er soundtrack til shoppinga før 17. mai, har vi blitt vande med «Glade jul» og «Det lyser i stille grender» som musikk-parfyme over det som skjer i handlehallane frå midten av november og ut året. Religion og kommers går bra saman, faktisk!

I dag byrjar den neste høgtida for mange både lokalt og internasjonalt: Ramadan.

Det er fastemånaden da muslimar eigentleg berre kan ete når det er svarte nattan.

I år blir det ei utfordring for muslimar her til lands, i og med at høgtida begynner 6. juni.

Det er Ramadan på St. Hans, for å seie det sånn. Eg har snakka med ein del lokale muslimar, og dei feirar Ramadan like variert som vi poteter feirar jula. Enkelte familiar gjer det veldig religiøst og tradisjonelt, og andre tar det meir med ro. Men like fullt ser små og store firma verda over sitt snitt til å drive litt Ramadan-marknadsføring.

Lokal Body Shop sel «Countdown to Eid»-kalender. I fjor hadde Coca-Cola i Bangladesh ein reklamefilm med ein ung mann i flanellskjorte som går av toget i heime-landsbyen, kryssklippa med bestemor og mor som sit aleine i stua.

Til vemodig musikk ser ein eit historisk glimt av korleis det var der i gamle dagar, da storfamilien var samla.

Men nå har alle flytta til by’n, i Bangladesh, òg. Så kjem den unge mannen på døra aleine og det ser ut til at det blir berre han, mor og bestemor til Ramadan – inntil døra går opp igjen og det veltar inn med unge, freshe folk som alle vil vere med og feire fordi han har sendt ei mobilmelding.

Og ekte Ramadan er så klart å bælme cola. «This Ramadan, stay together, stay happy!»

Religiøse folk vil kunne kalle det blasfemi. Coca-Cola utnyttar enda ei religiøs høgtid kommersielt. Viss vi ikkje likar Coca-Cola-nissen til Jesu fødsel, så likar vi heller ikkje filmsnutten der den raude halvmånen blir gjort om til ei cola-flaske til Ramadan – men på den andre sida er det litt godt å sjå den nye IKEA-filmen frå Kuwait som reklamerer for kjøp av kjøkkenutstyr til Ramadan 2016: Der går ein fyr som truleg er kuwaitisk super-kjendis rundt i IKEA i Kuwait City (249.000 Facebook-likes) og fyller handlevogna og snakkar arabisk med ei overlegen mine mens han får beundrande kommentarar av damer med og utan hijab og menn med og utan det mannlege hovudplagget gutra.

Så til slutt kjem bilda av det han har kjøpt: Steikepanna «Kavalkad», boksesystemet «Pruta» og kaffiserviset «Färgrik»!

Den reklamesnutten får meg til tenke at framtida kan bli litt mindre dramatisk enn mange fryktar – i ei verd der «religiøst» hat og konfliktar dominerer overskriftene, blir eg nesten litt glad i kapitalismen.

Underteikna har forresten dikta tre linjer til på Europris-nasjonalsongen. Da passer’n til alle land, spør du meg:

Ja, vi elsker lave priser
når det settes frem
tusen ting vi kanskje trenger
som vi tar med hjem.

Først publisert i Fredriksstad Blad 3. juni.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.10

Kommentarar

ANNONSE