Elleville dagar i kommune-Norge

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein eller annan gong for ikkje så lenge sidan blei alle einige om at viss det er meir enn ei folkeavstemming på same dag, så skal ordet «super» brukast. Og ganske fort slutta folk å tenke på «super» som eit tulleord, eit ord vi har frå teikneseriar, eit ord som skildrar folk som kan flyge. Ganske fort begynte folk å bruke dette ordet som om det var eit heilt vanlig og ganske kjedelig ord. Som «golv». Eller «bakst». Eller «reform».

Nyheitsopplesarar med alvorlige ansikt ser rett i kamera og seier: «Det har vore ein ny supermåndag i landet vårt». Og då snakkar dei om folkeavstemmingar om kommunesamanslåing. Og det ser ikkje ut til at dei fniser inni seg eingong.

Og det er noko fint med det. Forstavinga «super-« har vi sannsynligvis knabba frå USA, der dei jo er mykje betre enn oss på valkamp og val. Der har dei sin «supertysdag». Der har dei som kjent også hoppande galne presidentkandidatar med hentehår, snikande korrupsjonsskandalar, urimelige personangrep og truslar om å kaste kvarandre i kasjotten. Slikt er det lite av i debattane om kommunereform. Ingen drapstruslar, ingen som går inn for fengsling av politiske motstandarar. Ingen utskjelling av folkegrupper eller hint om at kritiske journalistar har mensen. Litt hentehår er det jo i kommune-Norge også, men ikkje av amerikanske dimensjonar. Det er stort sett berre diskusjonar om stordriftsfordelar, bekymring for lokale tilbod, ordførarar som er redde for å miste jobbane sine, og meir eller mindre gode forslag til kva nye samanslåtte kommunar skal heite.

Men nokon bestemte seg altså for at ordet «super», det skal vi bruke når vi snakkar om kommunesamanslåing. Og det er litt fint. Kvifor ikkje? Kvifor skal amerikanarane ha monopol på å kalle ein liten del av demokratiet sitt for supert? Neivel, det er ikkje så mykje skitslenging og store pengar og familiedynasti i kommunesamanslåingsvalkampen. Neivel. Men vi må likevel få lov til å kalle det supert.

Det er som når ein kjem i skade for å sjå eller høyre ein debatt om kommunereform, og ein høyrer Jan Tore Sanner seie noko litt for stort og Obama-aktig om at dette handlar om framtida for våre barn eller noko. Eg kjenner at eg liker det. Å vere statsråd med ansvar for kommunereform er eit liv i motbakke. Det er ingen som går inn for å slå saman kommunar fordi dei vil ha eit enkelt og koselig liv. Det er ein skiten jobb og nokon må gjere det. Så då er det berre å knappe opp øvste skjorteknappen og la det stå til. Og då må ein få lov til å ta i litt. Ein må få lov til å bli litt svulstig.

Og ein må få lov til å seie supermåndag.

For det er jo faktisk dette som er supert. Den politiske kvardagen. Kommunane. Folket. Reformene. Det er dette skubbar oss framover, sakte men sikkert. Det er kanskje ikkje ein fest. Så kvifor då ikkje bruke ord som får det til å verke litt meir som ein fest?

Det burde faktisk skje mykje oftare. Eg håper verkelig at eg i framtida langt oftare får oppleve nyheitsopplesarar med alvorlige ansikt som ser rett i kamera og seier sånt som:

I kveld er det revidert-nasjonalbudsjett-party på Stortinget.

Det var knall i padden og full fyr i teltet då grunnbeløpet i folketrygda blei regulert i dag.

No er det elleville dagar i Helse- og omsorgsdepartementet.

Det tok heilt av då forslaga til endring av jordskiftelova blei sendt ut på høyring i dag.

Først publisert i Aftenposten 4. juni.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!