Samvirket er stifta og vedtektene er laga: no ser det ut til at Ørsta andelsgard blir ein realitet.

Marius Myklebust, Møre Nytt
Marius Myklebust, Møre Nytt

Denne saka vart først publisert på Møre Nytt.

– Dette er verkeleg ein engasjert gjeng, seier initiativtakar Lillian Auflem Øye.

I førre veke var det stiftingsmøte for andelsgarden. Her kom det formelle på plass, og no er alt det formelle klart for å starte garden. Møre-Nytt skreiv om Ørsta andelsgard i april. Ideen er enkel. Folk går saman om å starte og drive ein gard, og deler på kostnader, risiko og avlingar. Garden skal vere økologisk, og dei satsar i første omgang på grønsaker.

Les også: Unge bønder satsar friskt

Jaktar på areal
Andelslandbruk har vore vanleg i mange land fleire tiår. Dei siste åra har trenden kome til Noreg, talet på bruk tredobla seg frå 14 ved utgangen av 2014 til 43 på same tid i fjor, ifølgje Nationen. No har talet på bruk passert 50.

Les også: Sommarjobb som geitegjetar

– No er vi i gang med å finne eit eigna område for garden, og vi vil gjerne kome i kontakt med grunneigarar som er interesserte i å leige ut areal, seier Auflem Øye. Line Rogne er valt til styreleiar i samvirket. Styremedlemene er Gry Merethe Glimsdal, Kristine Vestøl, Diana Claudina Orantes Salazar, Jeanett Gårdsvoll Nekkøy og Knut Arne Nygård.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.10

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE