Ha det bra, Hollywood!

Astrid Underlid
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Du har høyrt det før, men det er ikkje utan grunn at media også er kjent som den fjerde statsmakta. Aviser, TV, filmar og bøker formar i stor grad verdiane våre, verdsoppfatninga vår og ikkje berre haldningane – men handlingane våre. Vi har lært oss å vere kjeldekritiske med tanke på innhald, men har vi lært oss å stille spørsmål til at det norske media hovudsakleg fokuserer på Europa og USA?

Kva les du om på skulen? Europa, USA.
Kor drar du på ferie? Europa, USA.
Kor drar du på utveksling? Europa, USA.
Kva les du om i avisene? Europa, USA.
Kva ser du på kinolerretet? Europa, USA.  
Kva språk snakkar du? Norsk, engelsk, og kanskje ein smule tysk, fransk eller spansk.

Med andre ord er det ikkje mykje utanfor festning Europa og stormakta USA vi får med oss. Er det verkeleg slik vi vil ha det? Kva med resten av verda? Skal vi la eurosentrisme og amerikanisering rå i det stille, medan «snikislamisering» får skulda for alt vondt? Spør du meg bør eit så stort fenomen få større plass i bevisstheita vår, i skulen, rundt middagsbordet og i lunsjpausen. La oss vere kritiske og stille spørsmål til «status quo»!

LES OGSÅ: Ni av ti kinofilmar er frå USA og Europa

Men så finst det jo viktigare ting, då. Som å halde oss oppdaterte. Vi kan jo ikkje ta oss tid til å filosofere over verda kvar dag, for då får ein jo ingenting gjort. Men å vite kva som skjer i verda, det er viktig det. Vi må halde oss oppdatert, og skrollar febrilsk gjennom Dagbladet på jobb eller i skuletimen. Ifølgje avisene våre skjer det jo ikkje stort utanfor Europa. Før denne store flyktningkrisa dukka opp. Og før fredsnasjonen Norge byrja å gå til krig både her og der, sidan imaget vårt som fredsnasjon uansett er udødeleg og vennskap med dei store og sterke kan komme godt med i framtida.

Men det skjer ikkje noko utanfor Europa som ikkje har noko med Europa å gjere. På kinolerretet er det om mogleg endå verre enn i avisene. Du kan velje mellom amerikansk, amerikansk, amerikansk, amerikansk, amerikansk, britisk, norsk og fransk film. Ein sjeldan gang kjem det noko frå andre kantar, men det er liksom for spesielt interesserte, ein nisje for filmnerdar. Og det, det er berre så synd. For kva kan vel endre verda meir enn film i moderne tider? Film, eit grensesprengande media som slukar merksemda vår, får oss til å le, grine og føle som om vi er ein del av det vi ser på skjermen, og som ikkje minst kan gå verda rundt på eit par dagar?

Måtte eit mangfald av filmar frå alle verdas kantar slå kjeppar i hjula på Hollywood og lingua franca, så fleire får vere med på moroa, og gjere verdsbiletet vårt endå meir mangfaldig! Og om du vart litt inspirert til å bli ein del av denne bevegelsen, kan du sjekke ut etiopiske LAMB (2015) og amerikansk-iranske Circumstance (2011).

LAMB er den første etiopiske filmen som blir vist i Cannes, ei vakker oppvekstskildring som tar eit oppgjer med etiopiske kjønnsroller og tradisjonar. Samstundes skildrar han kor fredfult og vakkert Etiopia også er, som særleg kjem til utrykk gjennom den vakre naturen. Vi møter Ephraim som må flytte til fjerne slektningar på landet medan faren hans drar til Addis Abeba for å finne arbeid. Medan tanta hans oppmuntrar kokkeferdigheitene hans, synst onkelen hans det er ein skam at ein gut driv kvinnearbeid og ikkje klarar å gjete dyr og pløye marka. Som om ikkje det er nok, ynskjer han slakte lammet til Epharaim, som er hans beste venn og den einaste han kan betru seg til i sin nye heim. Heldigvis får han hjelp av si nye søster, som også får kjenne kjønnsrollene på kroppen. Ho les bøker og har lyst til å studere, men blir fortalt at all kunnskapen hennar er vissvass og udugeleg, og at ho må tie og hjelpe meir til heime. Historie er bassert på regissøren Yared Zeleke sin oppvekst.

KOMMENTAR: Når film er litt sånn som livet

Circumstance handlar om undergrunnslivet i  totalitære Iran, regissert av iransk-amerikanske Maryam Keshavarz. Vi møter to unge jenter i Tehran som gjer opprør ved å delta på ulovlege festar med vestleg musikk, forbodne filmar, drikking og dop, og som draumar om å dra til Dubai og leve livet. Som om ikkje det er vanskeleg nok å leve i frykt for å bli tatt av moralpolitiet og for å skuffe sine eigne foreldre kvar einaste dag, må dei også skjule kjærleiken dei har for kvarandre. Ein trist, men utruleg vakker film som gir oss ein god smakebit på korleis det er å vere ung i Iran i dag. Både regissøren og fleire av skodespelarane, som er stort sett er ein del av den iranske diasporaen, har ofra å kunne dra tilbake til Iran dei kommande åra sidan filmen dei har laga slår hardt ned på iranske myndegheiter og lover.

Har du ein ikkje-vestleg film å anbefale? Del, del, del! Om etterspurnaden veks, veks også mangfaldet i kinoprogrammet.