– Her er trygt og godt. Det får meg til å gløyme det forferdelege eg var igjennom.

Rune Sæbønes/Møre-Nytt
Rune Sæbønes/Møre-Nytt

Denne saka var først publisert i Møre-Nytt.

Det seier Ahmad Omar (34). Han er ein av dei syriske flyktningane som kom til Vartdal i fjor haust, og overraska alle med ein flott og gripande 17. mai-appell sist veke.

I appellen drog Ahmad linene mellom det å vere på flukt frå eit diktatur, og det å kome til Noreg, og oppleve vernet av demokrati og fridom gjennom Grunnlova.

– Eg var veldig nervøs før talen. Eg er ikkje så stødig i norsk enno, og fekk litt hjelp til rettskrivinga, men det var mine tankar og kjensler som eg målbarm fortel Ahmad.

LES OGSÅ: Vil knuse mytar om syriske flyktningar

Han fortel at han fekk mange gode tilbakemeldingar etter appellen, og at det varmar.

– Eg synest heile 17- mai-feiringa var flott. Det at det er tog, born og jubel, var stort å få med seg, fortel Ahmad.

Marerittet for Ahmad starta for noko over to år sidan. Han budde i Damaskus saman med familien. Ahmad kom til at situasjonen i det borgarkrigsherja landet var utrygg for han, og han valde å flykte.

Flukt
I mars 2014 reiste han. Flukta gjekk fyrst til Libanon, der etter til Tyrkia, og han var med på ei farefull ferd i gummibåt over til Hellas. Ferda gjekk vidare nordover i Europa, i kulde og snø, i varme og regn, heilt til han den 8. januar 2015 kom til Noreg. Etter opphald på nokre mottak, fekk han i august i fjor beskjed om at han skulle til Ørsta kommune og Vartdal.

– Eg er frå Damaskus, ein by med over fem millionar innbyggjarar. Då er det klart at Vartdal vert ein liten plass. Fyrst trudde eg det vart kjedeleg, men etter at det vart halde fest for oss på Soltjeld, og vi fekk halde ein fest for bygdefolket, vart det god kontakt. Eg opplevde berre varme. Vartdal-folka er sosiale. Dei er snille med meg. Eg har fått vore med på dugnader, eg har vore med og spelt fotball, og pratar med folk på butikken mest kvar dag, fortel Ahmad.

Vartdal-dialekt
Då han kom til Noreg kunne han ikkje eit ord norsk. Han var heller ikkje så stødig i engelsk. Då han heldt appellen 17. mai, imponerte han med norsken.

– Eg har fått veldig god språktrening med å ha praksis i Vartdal barnehage. Eg lærer mykje norsk frå borna og kollegaer. Kanskje er det spesielt nyttig å vere saman med born. Dei snakkar mykje, og eg fangar mykje norsk opp kvar dag. Det er litt kjekt at folk seier til meg at eg snakkar Vartdal-dialekt, fortel Ahmad.

Han tek språkundervisninga på Ørsta opplæringssenter, og målet hans er å lære språket så godt at han gjennom ei språkprøve vil kvalifisere for vidare utdanning.

Han er utdanna ingeniør innan elektronikk og kommunikasjon på bachelor-nivå, og har fått godkjent denne utdanninga av norske styresmakter.

LES OGSÅ: «Vakn opp!»

– Målet mitt er å gå vidare med utdanninga på masternivå, fortel Ahmad.

Heime i Syria har han sju sysken, og alle er høgt utdanna. Han prøver å halde kontakt med familien gjennom telefonen.

– Men det er ikkje alltid så enkelt. Somme dagar kan telefonsambandet vere heilt nede grunna krigen, fortel Ahmad.

Han synest det er vanskeleg å snakke om dei heime, og om flukta gjennom tolv land før han kom til Noreg.

– Difor er det også godt her på Vartdal. Naturen, der eg frå stovevindauget kan sjå ut mot fjorden, og der eg også kan kvile augene på fjella, gjev meg ro. Eg likar t.d. å gå ned på kaia og fiske. Det har vorte både makrell og sei, fortel Ahmad.

LES OGSÅ: «Syrarane bestemmer ikkje over si eiga framtid»

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.09
ANNONSE