Dette driv fram vindkraft
Investeringar i vindkraft har liknande drivfaktorar i Kina og EU, ifølgje ein forskingsartikkel.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
EU og Kina har svært ulike politiske system, men har likevel opplevd ein liknande vekst i vindkraft.
LES OGSÅ: Vindmøller i hagen
I ein artikkel publisert i journalen Energy Research & Social Science, spør forskarane Marius Støylen Korsnes og Inga Margrete Ydersbond om kva som driv fram investeringar i vindkraft.
Der finn dei at storskala investeringar i vindkraft har kome som følgje av liknande politisk motivasjon i EU og i Kina. Begge aktørar har gjort nytte av sterk statleg støtte, med liknande mål. Desse måla var å sikre energiforsyninga, å skape framtidsretta industri og arbeidsplassar, og å redusere utsleppa av drivhusgassar og lokal forureining.
Forskarane har brukt metoden most-different systems design, i kombinasjon med dokumentstudiar og intervju.
LES OGSÅ: Her kjem Europas største vindkraftpark
Til saman kan desse faktorane seie noko om den politiske motivasjonen for storskala investeringar i nye fornybare kjelder også andre stader, skriv forskarane.
Faktaboks
Kjelde: Inga Margrete Ydersbond og Marius Støylen Korsnes (2015): “What drives investment in wind energy? A comparative study of China and the European Union”.