Vil forby likekjønna ekteskap

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleire grupper med koplingar til den ortodokse kyrkja er samla under paraplyen Coaliția pentru Familie – Koalisjon for familien – og jobbar for å endre ordlyden i grunnlova slik at den definerer ekteskap som ei «foreining av ein mann og ei kvinne».

LES OGSÅ: Panfile Rebecca (16) vil ha betre seksualundervisning

– Dette er ein historisk augneblink. Tre millionar rumenarar har signert dette endringsforslaget. Det er ei solidaritetshandling utan sidestykke, seier Mihai Gheorghiu, som er ein av leiarane for koalisjonen.

Aktivistane vil forkaste formuleringa om at ekteskap er ei foreining av «partnarar», men dei møter motstand blant grupper som kjempar for homofiles rettar.

LES OGSÅ: Ikkje kvit, cis eller mann?

– Denne «offensiven» har som mål å legge ytterlegare avgrensingar på rettane til desse minoritetane, seier Florin Buhuceanu i rettsgruppa Accept.

Buhuceanu er uroa for ein utholing av demokratiet i Romania, og Accept meiner koalisjonen berre har som mål å vende opinionen mot dei seksuelle minoritetane i landet.

Nasjonalforsamlinga må undersøkje om forslaget frå koalisjonen oppfyller dei formelle krava, før det kan leggjast fram i ei folkeavstemming. Accept og andre grupper klarte å stoppe eit liknande forslag i 2013.

Homoseksualitet var forbode i Romania heilt fram til 2000. Det vart avkriminalisert første etter at Romania fekk krass kritikk frå EU og Europarådet.

LES OGSÅ: Canada vil forby diskriminering av transkjønna