Eirik Sognnes (27), musikar
Eirik Sognnes (27), musikar

Innlegget var først publisert på bloggen til Eirik Sognnes.

Då eg var liten kunne tida stå stille på sundagar. Med unntak av brus i frå elvi, greiner og lauv i bjørketrei utanfor som dansa med vinden, kunne huset og gata væra heilt, heilt stille. Heldigvis var det alltid fleire av gutane i gata som følte akkurat som meg, så det tok ikkje lang tid før me fann på noko sprell, som skapte både lyd, spenning og som fikk tida til å gå.

LES OGSÅ: Slepp fredagsmusikk på ein måndag

Det kunne vera å laga god gammaldags «motor» på sykkelen av ein pappbete og teip (det fjerna i vertfall stillheten), eller å dra til «Vetlaelvi» for å bygga demning til følelsen var vekke i beini våre på grunn av det kalde vatnet som nådde oss til langt over knei.

Me var heilt sikre på at dersom demningen vart høg nok slik at vatnet fekk stå stille litt lenger enn ved normal vassføring, ville soli varma vatnet til dei herlegaste badetemperatura om sommaren! Så kom gjerne vårflaumen å tok med seg heile demningen, og me måtte bygga den opp igjen for andre gong før sommarferien, det var tross alt då ein hadde bruk for ein god badeplass.

LES OGSÅ: Gutar taklar mobbing med idrett

I det store seljetreet ved demningen hadde «nokon før oss» bygd ei hytta, som gjennom fleire vintra hadde fått hard medfart av vær og vind. No var det vår tur til å setta den i stand igjen for sommaren (Eg likar å tru at dette gjekk litt i arv? #overromantiseringavbarndommen?).

Då gjekk me til dei naboane me turte å spørja som anten pussa opp eller bygde på huset for å høyra om dei kunne avsjå noko avkappa plank til vår renovasjonsjobb? Slik blei igjen «hytta i treet» satt i stand.

I hytta var det berre lyden av trestammane som knirka i vinden, elvi som brusa og meg med sterk pollenallergi som naus og naus som forstyrra oss i pausen frå arbeidet. Dersom nokon ville oss noko kunne dei berre «ringa på» i snori som hang ned til bakken, så heisa me ned ei bøtta dei kunne legga post og beskjedar i. Eg kan aldri hugsa at me faktisk fikk noko post frå utanforståande for me var alltid åleine, så skumle hemmelige brev frå sjørøvarar som trua med å angripa oss skreiv me sjølve.

Når soli forsvann bak fjellet, og eg endeleg såg på klokka viste eg at eg alt var for seint ute til søndagsmiddagen heima. Mamma visste av erfaring at eg sikkert blei sein, så ofte åt eg middag då dei andre åt dessert. Men eg tok dei fort igjen! Dei andre gutane venta på meg, og eg hadde trass alt ein demning å byggja ferdig som venta på meg der ute! Eg heiv i meg maten.

LES OGSÅ: Forskarar: Frileik best for språklæringa til små born

Mageknipen meldte seg fort då sundagsmiddagen blei eten i rekordfart på tom mage. Endå kor sterkt eg ynskte å fortast mogleg berre komma meg ut til dei andre, så hendte det eg faktisk måtte legga meg ned på sofaen og venta til den verste mageknipen gjekk over. Eg var ikkje mykje til arbeidskar i slik tilstand.

I hast bar detofte ut igjen i dei same kledi som hadde varma så godt før på dagen, dei blei i kaldaste laget no på kvelden, men eg hadde berre ikkje tid til å reisa heim igjen å skifta. Demingen og hytta kom i orden i år også, og alt var klart for ein ny sesong med bading i «Vetlaelvi».

No er ikkje sundagen stille lenger. Tidi går fort. Alt før eg har stått opp har eg svidd av nesten ein time på videoar, statusar og nettsaker på Facebook. Eg treng ikkje kjeda meg lenger. Mobilen ligg stort sett alltid i armlengdes avstand. Slik er det truleg for barn i dag også. Dei slepp alt styret med å bygga hytter, demningar og skriva fiktive sjørøvarbrev, dei har CandyCrush eller liknande alltid tilgjengelig.

LES OGSÅ: Stadig yngre born opplever press

I keisamheita blir me kreative, og løyser og skapar nye problem som igjen må løysast. Eg slår eit slag for keisamheita, og at sundagen skal forbli den «keisame dagen» i veka, for barna i dag også.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.09

Kommentarar

ANNONSE