Ein 1.200 år gammal arabisk sølvmynt er funnen på ein gard på Gran på Hadeland.

NPK
NPK

– Mynten er heil og det er eit hol i han. Det tyder på at han kan ha blitt brukt som eit halssmykke, seier arkeolog Lars Pilø i Oppland fylkeskommune til NRK.

Den arabiske sølvmynten vart funnen tidleg i mai på eit jorde av Norsk metallsøkerforening som dreiv detektorsøk.

Det er funne slike myntar i Noreg tidlegare, men det er sjeldan at ein finn heile myntar.

Det var vikingane som tok med seg dei arabiske myntane til Noreg.

– Vikingane var interesserte i sølvet. Derfor vart myntane klipte opp, vegne og brukt som betaling. Det vanlege er derfor å finne bitar og ikkje heile myntar, seier Pilø.

Mynten er 1.200 år gammal, truleg laga i Bagdad under kalifen Al-Mamun i perioden 816– 825 e.Kr.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.09

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE