For eitt år sidan lekka 454.000 liter olje ut i Mexicogolfen. Lekkasjen var den verste på fleire år. No er er selskapet bak lekkasjen, Plains All American, i hardt vêr.

Associated Press refererer til ein ny rapport som hevdar at alarmen som ville varsla selskapet om lekkasjen blei skrudd av ein av firmaet sine arbeidarar i forkant av hendinga.

Maria Dominques, talsperson for det statlege organet som følgjer opp oljelekkasjar, seier at mange feil som lett kunne blitt forhindra blei gjort.
– Manglande dømmekraft, dårlege rutinar og lite planlegging er grunnen til at lekkasjen vart så ille som han vart.

Hundrevis av dyr miste livet som ei følgje av utsleppet. Selskapet har tidlegare gått ut og beklaga hendinga. Dei har avstått å kommentere den nye rapporten på grunn av pågåande etterforsking og ein ventande rettssak, men har tidlegare uttalt at utsleppet var ei ulukke.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.09

Kommentarar

ANNONSE