– Demokratiet er som eit fint sølvty

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne artikkelen vart først publisert på Vikebladet.

I lettskya vêr, der sola trengde gjennom i lengre perioder vart det ei fin ramme rundt 17. mai-feiringa.

Til Ulsteinvik hadde også redningsskøyta RS "Idar Ulstein" teke turen, for dagen kledd for fest.

Les også: 17. mai-talen er meir politisk enn du trur

Toget vart avslutta ved Ulstein kyrkje, der Ulstein mannskor song for dei frammøtte. Knut Arne Høyvik heldt innlegg og la ned kransar på minnesteinane:

– I dag kjenner eg meg audmjuk, som har fått lov å dele nokre ord med dykk i høve kransinga av minnessteinane. I dag vil me minnast og heidrast sjøfolk og fiskarar som vart att der ute. Me vil heidre dei som miste livet under siste krig.

– Knapt noko er finare enn ei frisk morgonstund på speglblankt hav. Når sola kliv opp i aust og broderer gullsaum frå horisont til horisont. Men det skiftar veldig fort. Når stormen piskar opp sjøen og bråttsjøen reiser seg med kvite skavlar på toppane, då kjenner me menneskje oss veldig små.

Les også: Nasjonaldag i motvind

– Dei som har reist ut på havet hadde noko felles. Dei skulle ut på sitt ærlege arbeid, for å skape eit betre liv for seg og sine. Dei skulle ut for å bringe heim verdiar til fellesskapet, verdiar som er og har vore grunnlaget for vår store velstand. I dag minnest me dei med stor respekt.

Gåva var dridomen

– På den andre steinen det skal leggast krans ved står det ni namn. Dei miste livet i siste krig. Kvar på sin plass, og saman med mange andre, gav dei det kjæraste dei eigde for å frigjere oss frå terrorregimet som heldt oss i ein jarnklo av død og redsle i fem år.

Les også: Aldri selt meir bunadsølv enn no

– Dei me heidrar gav sitt eige liv for oss. Gåva dei gav oss var fridomen. Det er vår plikt at vi sørgjer for at generasjonane som kjem etter oss får overta gåva i minst like god stand.

– I 71 år har me levd i fred og fridom. Det er lett å ta det for gitt, men demokratiet er som eit fint sølvty. Det må pussast heile tida. Passar med på å gjere det, er det den største heider me kan gje dei som ofra livet i kampen for dei verdiane me set så høgt. Eit ord dekkjer det eg føler og tenkjer i dag. Takk!