(NPK-Margunn Sundfjord):
(NPK-Margunn Sundfjord):

Med den spesielle fjelltopp-inspirerte utforminga ligg det nye senteret sentralt plassert på kaikanten i Åndalsnes sentrum omgitt av høge fjell og tindar.

Formidling av kunnskap, inspirasjon og opplevingar er sentralt for det nye senteret. Det skal også vera ein møtestad for klatrarar.

– Senteret er eit nytt opplevingssenter bygd på den historiske samlinga til Norsk Tindemuseum, som Rauma kommune tok over for ti år sidan, seier dagleg leiar Anita Vik Buckley til Nynorsk pressekontor.

Ho fortel at ein viktig del av materialet stammar frå arven etter klatrelegenda Arne Randers Heen. Saman med kona Bodil Heen, som også var ein dyktig fjellklatrar, samla han ei unik samling av effektar, bilete og historier frå norsk klatre- og fjellhistorie.

LES OGSÅ: 2016 kan bli gullår for reiselivet

Stor klatrehall
Publikum blir ikkje berre passive mottakarar. Noko av det mest spektakulære det nye Tindesenteret kan by på, er ein 21 meter høg klatrehall med massevis av klatreruter, der både erfarne og nybyrjarar kan boltra seg.

– Tanken er at dette kan bli ein møteplass der både regionale og tilreisande klatrarar kan øva og trena, seier Buckley.

Besøkjande kan også få med seg spektakulære opplevingar av bratt friluftsliv gjennom ei tredimensjonal filmvising. Eit eige fjellbibliotek byr på eit digitalt historisk arkiv av bøker, bilete, filmar og dokumentasjon av norsk fjellhistorie.

– Senteret får også kontorfellesskap for norsk fjellkompetanse, fortel Buckley. Statens naturoppsyn, Norsk fjellfestival og lokale guidefirma er blant dei som får kontorplass i det nye senteret. Læring, kurs og seminar om bratt friluftsliv får ein sentral plass i arbeidet deira.

LES OGSÅ: Tek sjåarane med til toppen av Sunnmøre

Store forventingar
Det er knytt store forventingar til det nye senteret.

Norsk Tindesenter har ambisjonar om å bli det leiande fagmiljøet og opplevingssenteret i Noreg med søkjelys på bratt friluftsliv og norsk tindehistorie. Anita Vik Buckley seier målgruppa er ganske brei.

– Sommarturistane blir den økonomiske berebjelken. Vi håpar at dette blir ein turistmagnet i regionen. Etter kvart som senteret blir betre kjent, håpar vi også at det vil gje overrisling i resten av samfunnet, seier Buckley.

Ho peikar på at det no er aukande interesse for toppturar om vinteren, og håpar at Tindesenteret kan bli eit viktig supplement for turistnæringa i lågsesongen.

Med trekkplaster som Trollveggen, Romsdalseggen og andre storslegne fjelltoppar i nærmiljøet, ventar det nye Tindesenteret godt besøk. Til saman har senteret første året eit mål om 30.000 besøkjande.

Turistnæringa jublar
Reiselivsnæringa er blant dei som helsar det nye senteret varmt velkommen. Administrerande direktør Kristian B. Jørgensen i Fjord Norge meiner Norsk Tindesenter vil slå positivt ut for næringa på heile Vestlandet.

– Vestlandet har tidlegare vore ein typisk rundreisedestinasjon. Med dette senteret blir posisjonen til Vestlandet styrkt som aktivitetsdesinasjon, med søkjelys på vandring i fjellet og klatring, seier han til NRK

Han peikar på at det er eit mål for reiselivsnæringa å trekkja til seg turistar som ikkje berre vil sjå, men også vera aktive. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.09

LES OGSÅ

ANNONSE