SKAM på bygda?

Rikke Næss
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Russetid, klining, alkohol og drama. Akkurat dette får ein sjå mykje av i den populære serien SKAM, som har teke ungdommen med storm. Og ikkje berre ungdommen forresten, men òg dei unge vaksne. Men er serien å kjenna seg att i for vestlandsungdom, eller er den heilt fjern frå vår kvardag? Som raudruss vil eg påstå at vestlandsungdom sin kvardag er særs lik kvardagen ein finn i Oslo. 

LES OGSÅ: – Heller ikkje kattar skal sensurerast

Å vera russ i bygda er sjølvsagt ikkje heilt det same som å vera russ i byen. I byen har ein kanskje meir tradisjon innan russetida – og ein ser at presset i byane er skyhøgt. I SKAM får eg inntrykk av at status er særs viktig. Ein skal «hooke» med dei populære gutane, vera med på rulling, ha eigen russebuss og sjølvsagt vera kulast. Det handlar om å ha mykje pengar, sjå bra ut – ja, rett og slett det å ha ein bra status! Og har ein ikkje det, er ein ikkje god nok.

SKAM handlar om om meir enn berre russetid. Serien handlar også om drama, forelsking, kjærleikssorg og generelt korleis det er å vera ungdom i dagens samfunn. For det å vera ungdom i dag, er ikkje akkurat lett – same om det er i Oslo eller i bygda! På den måten er kvardagen særs lik.

Men i motsetnad til kvardagen ein ser i SKAM, er det å ha høg status ikkje så forferdeleg viktig på bygda. Ein kan kanskje seie at vestlandsungdom tek russetida litt mindre seriøst. Misforstå meg rett; me rullar, me drikk som aldri før, og bruker mykje pengar på det å vera russ. Eg vil likevel seie at for russen utanfor Oslo er det hakket mindre viktige å framstå som «dei kule». Å ha høgst status er ikkje det viktigaste for oss. 

Sjølv er eg ein stor tilhengjar av SKAM. Det å setta fokus på ungdom sin kvardag er viktig. Det er vel difor så utruleg mange ungdommar ser på òg.

Kvardagen i SKAM er heilt klart noko vestlandsungdom kjenn seg att i, men presset i Oslo verkar meir intenst. Sjølv er eg godt nøgd med at statusjaget ikkje er så stort i bygda. Det er der, men i betydeleg mindre grad. Takk og lov!

LES OGSÅ: Slikking = skam?