Inneklemt nostalgi

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Og då tenkte eg: Kanskje er det akkurat dette som er det siste som forsvinn. Kanskje er dette den siste umoderne tingen som blir borte.

Alt forandrar seg. Vêret forandrar seg. Motane forandrar seg. Musikken forandrar seg. Språket forandrar seg. Viss du går for eksempel tretti år tilbake i tid, så vil du forstå i kva grad ting har endra seg. For tretti år sidan var ikkje Kygo født. For tretti år sidan visste ingen av oss kva internett var. For tretti år sidan ville vi sannsynligvis ikkje forstått kva jentene i «Skam» sa.

Garra? Hukke? Hæ? I dag er Leicester er Englands beste fotballag. For tretti år sidan var Leicester først og femst umulig å uttale.

Tretti år sidan er mykje lenger sidan enn vi trur.

Åttitalet var nemlig ikkje slik folk trur at åttitalet var. Viss nokon spør meg korleis det såg ut heime hos oss då vi vaks opp på åttitalet, for eksempel, så vil eg svare at det såg ut som syttitalet. Kanskje til og med sekstitalet. For det var då foreldra våre slo seg til ro og skaffa seg ein heim og kjøpte dei møblane som dei hadde tenkt å ha resten av livet. Ein pussa ikkje opp i tide og utide i min oppvekst. Viss ein orkan reiv heile huset overende, først då kunne ein kanskje vurdere ei forsiktig oppgradering av interiøret. No var dette på Vestlandet, så akkurat det skjedde jo faktisk relativt ofte.

Ein av dei få gongene heimbygda mi var omtalt i VG i min ungdom, var det fordi ein del elevar ved ein kristen vidaregåande skule i bygda knuste platene sine etter at eit ungdomsteam frå Norsk Luthersk Misjonssamband hadde overbevist dei om at popmusikk inneheld satanistiske bodskapar viss du speler han baklengs. Det er sant. Og dette var på åttitalet. Det var til og med på slutten av åttitalet. Ikkje femtitalet. Åttitalet. Under tretti år sidan.

Eg er klar over at det ikkje er slik åttitalet blir framstilt. Men det er ingen tiår som blir framstilte slik dei faktisk var. Når du les og høyrer om syttitalet, for eksempel, så kan du jo få inntrykk av at alle i heile Norge var engasjerte i AKP(m-l). Men viss du sjekkar, så vil du finne ut at dei faktisk berre var fjorten.

Og når du høyrer om åttitalet, så er det ofte snakk om folk som hadde ein gedigen mobiltelefon i den eine handa og eit glas rosa sjampanje i den andre medan dei brukte pengar dei ikkje hadde til å investere i firma som ikkje laga noko.

Enten det, eller så var folk svartkledde og og sinte og vegde ca førti kilo, ti av dei buttons.

Når eg les oppvekstromanar frå den same tida som eg vaks opp, så stussar eg alltid over at hovudpersonane gjerne høyrer på band som The Smiths.

Vi høyrde ikkje på The Smiths.

Ærlig talt. Eg kjenner ingen som høyrde på The Smiths. Men eg er alltid open for at eg kan vere ein særing. Så eg har sjekka med statistikken. VG-lista, Norges offisielle salsliste for musikk, ligg på nettet og der kan du søke på artistar og songar tilbake til tidenes, eller i alle fall VG-listas, morgon. Og kor mange songar av The Smiths har vore på VG-lista? Ingen. Null. Kor mange album av The Smiths har vore på VG-lista? Eitt. I tre veker. Med topp-plasseringa syttandeplass.

Med andre ord: The Smiths selde til saman nøyaktig nesten ingen plater i Norge. Men dei ekstremt få som kjøpte desse platene, har tydeligvis blitt forfattarar, alle som ein. Det blir ofte sagt at historia blir skriven av sigerherrane. Det er ikkje sant. Historia blir skriven av nerdane. Desse blodfattige få med tjukke briller som sitt åleine i kjellarstover med ei litt uklar kjensle av at dei ikkje høyrer heime her.

Så tretti år sidan er fryktelig lenge sidan. Og nesten alt har forandra seg. Totalt. Men akkurat dette er akkurat som det var, og akkurat dette trur eg er det siste som forsvinn: Vi kjem nok aldri til å gi oss med å diskutere søndagsopne butikkar. Og vi kjem nok alltid til å ta oss fri og sitte i sola på inneklemte dagar, og snakke om at alle tek seg fri på inneklemte dagar når det er sol.

Resten går vidare.


Først publisert i Aftenposten 7. mai.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!