Nasjonalbibliotekets direktør Aslak Sira Myhre har no lagt fram ein ny modell der det vert lagt opp til ein klikkmodell for lån av e-bøker.
LES OGSÅ: Forfattar Sally Gardner lærte å lese som fjortenåring
Dei to første åra etter at ei ny ebok er komme inn i biblioteket, skal eit avgrensa tal på personar kunne låne boka samtidig. Etter det skal avgrensingane stogge, slik at alle som vil, kan låne eboka.
– Det er ein modell som vil gi befolkninga betre tilgang til e-bøker, seier Myhre.
Den nye modellen inneber at biblioteka vil betale for lisensar dei to første åra og deretter per «klikk» ved utlån.
LES OGSÅ: Denne boka burde nettmobbarane lese