– Uavhengig aktør må overvake nytt deponi

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Uavhengige må overvake nytt deponi

Miljødirektoratet har tilrådd at eit nytt nasjonalt deponi for farleg avfall bør liggje i Dalen gruver i Brevik, eventuelt i gruvene i Rekefjord i Sokndal. Regjeringa skal no ta den endelege avgjersla.

LES OGSÅ: Desse studentane utforskar miljø-venleg drivstoff

Lokal motstand i Brevik har vore stor. Miljøorganisasjonen Natur og Ungdom meiner krava til det nye deponiet må vere “ekstremt strenge”.

– Dagens deponi på Langøya i Vestfold er anslått å vere fullt i 2022, mykje tidlegare ann berekna. Årsaka er at myndigheitene har latt avfallsselskapet NOAH kjøpe utanlandsk avfall, og deponiet er raskt blitt fylt opp, skriv Natur og Ungdom i ei pressemelding.

Dei peikar på at eit nytt deponi medfører naturinngrep og risiko for uhell på ein ny stad.

– Import og eksport av farleg avfall bør ikkje vere lov, slik at vi unngår den same situasjonen att om kort tid, seier leiar i Natur og ungdom Ingrid Skjoldvær i pressemeldinga.

– Forskarar frå Norsk Institutt for Luftforsking og Noregs Geotekniske Institutt tok sommaren 2015 prøver i lufta over Langøyadeponiet. Mengdene av mellom anna PCB var fleire hundre gongar høgare enn normalt. Dømet syner kor gale det kan gå når avfall ikkje vert handtert godt nok. Informasjon om kvar avfallet kjem frå, og kva det består av, må vere tydeleg og open. Konsekvensutgreiing og overvaking må gjerast av ein uavhengig aktør, ikkje avfallsselskapet som skal tene pengar på deponiet, seier Skjoldvær i pressemeldinga.

LES OGSÅ: Opprettslaksen høyrer dårleg