Guri Sørumgård Botheim trur me vil sjå fleire norske poesifilmar i framtida.

Faktaboks

Guri Sørumgård Botheim (f. 1978)

Frå Lesja i Gudbrandsdalen, busett i Trondheim

Aktuell med diktsamlinga Heime mellom istidenepå Samlaget

Debuterte med romanen Ramstein pensionat (2009) i lag med syster si, Sigrid Sørumgård Botheim

Systrene Botheim var redaktørar for boka Søsken (2011), saman med Ingrid og Kjersti Rognes Solbu

Var i 2013 festspeldiktar under Dei nynorske festspela, saman med systera og Lars Petter Sveen

Arbeider som avdelingsleiar ved Norsk Forfattersentrum Midt-Norge og er fast spaltist i Dag og Tid

Kjelde: Guriheim.no

LES FAKTALUKK FAKTA

Heime. Trondheim. Fjellet. Det er dei tre delane som utgjer den fyrste diktsamlinga frå Guri Sørumgård Botheim, Heime mellom istidene, som vert lansert i Trondheim i dag.

LES OGSÅ: – Ville du funne deg dame på Sukker.no?

Kva er heime?
– Eg ville undersøkja ulike måtar å kjenne seg heime på. Eg er fascinert av at folk bur på ulike plassar og kva som gjer at dei bur der dei bur, forklarar forfattaren på telefon til Framtida.no.

Heime er for ho Lesja kommune øvst i Gudbrandsdalen, sjølv om ho er busett i trønderhovudstaden.

– Eg føler meg sterkt knytt til heimstaden min, kanskje fordi forfedrane mine kjem derifrå. Eg kjenner meg forplikta ovanfor dei til å ta vare på heimplassen. Identiteten ligg lagra i fjellet. I Trondheim er heime snevra inn til eit inneområde, medan på Lesja er det fjella og eit stort område som kjennest heimleg, seier Botheim.

For forfattaren, som tidlegare har gjeve ut romanen Ramstein pensionat saman med systera Sigrid, var dikt ein naturleg måte å undersøkja desse kjenslene på, fordi ein kan skjæra det ned til det absolutt viktigaste. Stilla spørsmål, og prøva å definera svara. For kva er det som får ein til å føle seg heime?

heime e der
en
ser  frå

heime
e der
minnet kvile

Poesifilm
Botheim vil ikkje diktera korleis lesaren skal tolke dikta, men håpar at det får folk til å opne augo og sjå seg rundt. Stille spørsmål til tilværet og kva som er det viktigaste.

I denne poesifilmen, kan du høyre forfattaren lesa første diktet i samlinga si.

Filmen er laga av Botheim sjølv, i samarbeid med musikarsambuaren Sigurd Brørs.

– Dikt er ein fin og fleksibel sjanger, fordi det er lett å ta utdrag. Og fordi folk ikkje er så flinke til å kjøpe diktsamlingar, kan det hende at lyrikarar må verte flinkare til å hjelpe publikum.

Botheim ser at fenomenet poesifilm ikkje er særleg stort i Noreg, men trur at det vil verta meir vanleg.

Sjølv tykkjer ho at Kristian Pedersen er Noregs beste poesifilmskapar.

Systrene Botheim har tidlegare laga ein musikkvideo med eit frieri til varslaren Edward Snowden og aasensk powerpop, saman med Sigurd Brørs.

Politisk dikt
For Botheim er ikkje eit dikt berre korte setningar i ei bok. Ho dreg fram Øystein Hauge sitt dikt mot søndagsopne butikkar, som vart delt flittig i sosiale mediar då debatten rasa som verst.

– Det er eit dikt som har levd utfor boka – eit godt eksempel på at dikt både kan ha eit politisk bodskap og vera eit godt dikt, avsluttar Botheim, som vil halde fram å skriva både dikt og romanar.


Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.09

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE