Oppdrettslaksen høyrer dårleg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Øyresteinane er eit sanseorgan i det indre øyret til fisken som er avgjerande for høyrselen og balansen. Australske forskarar har no funne ut at den eine eller begge øyresteinane er misdanna hos halvparten av all oppdrettslaks, skriv Forskning.no.

Fisk som har denne misdanninga, kan miste opptil 50 prosent av høyrselen.

LES OGSÅ: Ti forsøksfisk i minuttet

Forskarane ved Universitetet i Melbourne har teke prøver av oppdrettslaks frå dei største lakseproduserande landa i verda, nemleg Noreg, Canada, Skottland, Chile og Australia. Prøvene er samanlikna med resultata frå laks i 21 norske villaksbestandar. Misdanninga var langt meir vanleg i oppdrettsfisk enn i villfisk, uavhengig av kva land laksen blei produsert i.

Ifølgje forskarane har misdanninga truleg oppstått tidleg, ofte i klekkeriet. Men akkurat kva for ein fase i oppdrettsprosessen som spelar inn, er førebels ikkje sikkert. Forskarane veit heller ikkje nøyaktig korleis høyrselstapet påverkar fisken seinare i livet, skriv Forskning.no. (©NPK)