«Halve kongeriket» fekk Komiprisen
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det er veldig flott å kunna trekkja masse menneskjer til teateret med fersk politisk satire, sa teatersjef Erik Ulfsby, då han takka for prisen på vegne av Det Norske Teatret.
Med seg på scena hadde han mellom anna regissør Marit Moum Aune og Charlotte Frogner, som hadde rolla som Mette-Marit.
«Halve kongeriket» er ein politisk musikal om kjærleiken mellom Mette-Marit og Håkon – og Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité, som sat og diskuterte den kongelege romansen.
Halve Kongeriket from Det Norske Teatret on Vimeo.
Komiprisen 2016 gikk av stabelen på Ole Bull Scene i Bergen laurdag kveld. (Sjåfakta boks for alle vinnarane.)
Dette er tredje året på rad at Det norske teatret hentar heim prisen for beste sceneførestelling.
Fjorårets vinnarførestilling var òg skriven av Are Kalvø, som sjølv stod på scena i stykket «Kalvø».
Året før var det musikalen «Shockheaded Peter», der Vidar Magnussen i tillegg fekk pris for beste hovudrolle.
Faktaboks
Komiprisen 2016:
Årets morosamaste: Pernille Sørensen
Årets humorprogram: «I kveld med Ylvis» – TV Norge
Årets kvinnelege TV-komikar: Ine Jansen – «Helt Perfekt»
Årets mannlege TV-komikar: Trond Fausa Aurvåg – «Neste sommer»
Årets sceneførestelling: «Halve Kongeriket» – Det Norske Teateret
Årets kvinnelege scenekomikar: Hilde Louise Asbjørnsen – «The Lulu Show»
Årets mannlege scenekomikar: Bjarte Hjelmeland – «I lånte fjær»
Årets stand-up komikar: Dag Sørås – «Ekkokammer»
Årets gjennombrot: Christian Mikkelsen – «Latter Live»/«Underholdningsavdelingen»
Årets humoraugeblikk: Harald Rønneberg og Truls Svendsen les nyheiter – «Oppdrag Norge», TV2
Fagprisen: Bjørn Heiseldal
Kjelde: NRK