ABC Nyheter og det nye nettstaden Zooom.no har byrja sende direkte frå eit ørnereir og ein hegrekoloni, begge på Smøla i Møre og Romsdal.
Fleire større medium satsar no på direktesendt dyre-tv. Inspirasjonen kjem frå England, der BBC2 har sendt direkte dyreliv i beste sendetid i fleire år.
– Sendingane til BBC har vore ein suksess, og vi ser allereie no at mange følgjer livet til ørnene og hegrane minutt for minutt. Det er ei stor interesse for sakte-tv her i landet, som vi vil utvikle vidare, seier utviklingsdirektør Trygve Sørvaag i mediehuset ABC Startsiden i ei pressemelding.
ABC Startsiden er med på driva Framtida.no, og no har me fått høve til å visa direkte-tv frå reira:
Direkte frå havørnreiret:
Følg diskusjonen og sjå oversikt over det viktigaste som har skjedd i reiret på Zooom.no!
Eit godt skjult kamera får med seg kvart einaste minutt gjennom heile hekkesesongen. Her kan du følgja fuglane direkte på Zooom.no.
– Direktesendingar på nett er med på å gjere naturen tilgjengeleg for folk uansett kvar dei oppheld seg. Tettare på naturen enn dette, kjem dei fleste av oss ikkje, seier Sørvaag.
Direkte frå hegrereiret:
Følg diskusjonen og sjå oversikt over det viktigaste som har skjedd i reiret på Zooom.no!
LES OGSÅ: Ørn mobba kråke
LES OGSÅ: Kongeørn til åtak på bonde