Gir mest til storbyane

Sjå kor mykje meir eller mindre din kommune får!

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Storbyar får mest – her er taparlista

Dei største kommunane får meir, medan dei minste får mindre. Regjeringa sitt nye inntektssystem gjev Oslo 160 millionar kroner meir.

– Kommunar som sjølve vel å vera små skal ikkje verta løna for det. Me gjev mindre pengar per rådhus, og meir pengar per kommune, seier Helge Andre Njåstad (Frp) (bildet), leiar i kommunalkomiteen på Stortinget, til Dagbladet.

Éi av endringane er eit såkalla gradert basistilskot, som vil seia at den faste summen alle kommunar får vert redusert for små kommunar som ikkje vil slå seg saman med større kommunar i nærleiken.

Blant dei 15 største taparane på systemet, i eit oversyn Dagbladet har laga, finn me mellom anna vestlandskommunane Naustdal, Leikanger, Samnanger og Fitjar. Dei mister mellom 4,2 og 5,3 millionar kroner kvar. Njåstad sin heimkommune, Austevoll, vil tapa vel ein halv million i året på omlegginga.

Oslo er den største vinnaren, og får 160 millionar kroner meir. Bergen får nest mest, 65 millionar kroner meir.

Heile oversynet ligg på nettstaden til Kommunaldepartementet.

Sjå tabellen her!

(©NPK)

Faktaboks

Dei 10 største vinnarane:

Oslo: 160 mill
Bergen: 65 mill
Trondheim: 41,6 mill
Stavanger: 28 mill
Bærum: 25 mill
Kr.sand: 16,6 mill
Fredrikstad: 14 mill
Tromsø: 13,3 mill
Sandnes: 13 mill
Drammen: 11,1 mill

Dei 10 største taparane:

Bjerkreim: -4,5 mill
Iveland: -4,5 mill
Leikanger: -4,8 mill
Samnanger: -4,9 mill
Hurdal: -5 mill
Fitjar: -5,3 mill
Lardal: -5,5 mill
Siljan: -6 mill
Hof: -6,2 mill
Ørskog: -6,3 mill