Seks av ti meiner det er for mykje drikkepress
KrF-veljarar opplever mest drikkepress, medan under halvparten av Frp-veljarane opplever det same.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
KrF-veljarar opplever mest drikkepress
57 prosent, svarer at dei er samde i påstanden om at det er «for mykje drikkepress i norsk drikkekultur».
Det er TNS Gallup som har kartlagt haldninga befolkninga har i Helsepolitisk barometer. Berre 6 prosent oppgir at dei er «heilt ueinige» i påstanden «Det er for mykje drikkepress i norsk drikkekultur», skriv Vårt Land.
LES OGSÅ: Éin av tre selde alkohol til mindreårige
Funna overraskar ikkje forskar Hilde Pape ved avdeling for rusmiddelforsking ved Folkehelseinstituttet.
– Drikkepresset er ofte indirekte. Folk vil krevje ei forklaring om du lèt vere å drikke i settingar det er vanleg, seier ho.
Likevel trur rusforskaren presset kan opplevast tydeleg.
– Viss ein ikkje drikk, nesten uansett grunnen til det, vil nok mange merke drikkepresset ganske sterkt.
Ho strekar under at ho ikkje har kjennskap til metoden i undersøkinga eller kvaliteten på den.
Oppfatninga av drikkepresset i Noreg er sterkt knytt til politisk tilhøyring, viser undersøkinga. KrF-veljarane er dei som i størst grad er samde i at det er for mykje drikkepress. 77 prosent oppgir at dei er samde i påstanden om for mykje drikkepress. Frps veljarar er i den andre enden av skalaen. Der meiner berre 49 prosent at det er for mykje drikkepress.
Folk som bur i Oslo og Akershus, rapporterer om mest drikkepress. Dei skil seg også ut ved å vere noko meir tilbøyelege, 62 prosent, til å meine at det er for mykje drikkepress i Noreg. Til samanlikning er det ikkje meir enn 50 prosent av dei som er busett elles på Austlandet, som meiner det same. (©NPK)