Kjøpe leilegheit?
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Har du tenkt å kjøpe leilegheit? Dette meiner forsikringsselskapet Gjensidige at du må vite om bustadkjøp.
►Set deg inn dei økonomiske sidene ved bustadkjøp.
Sjølv om det er lurt å samanlikne løysingar frå ulike bankar, vil du møte nokre krav. Desse handlar mellom anna om eigenkapital, betalingsevne, finansieringsbevis.
LES OGSÅ: Ungdom er framtidsoptimistar
Eigekapital: Du må sjølv kunne betale minst 15 prosent av det bustaden kostar. Om du ikkje har sparepengar, kan banken godta at foreldrene stiller med tryggleik i sin bustad (kausjon).
Betalingsevne: Banken må vurdere kor store inntekter og utgifter du har, og om du kan tole ei 5 prosent renteauke.
Finanseringsbevis: Eit slikt bevis informerer om kor stort lån du kan få, og kor stor del av kjøpesummen lånet kan utgjere. Det er lurt å ikkje avsløre den øvre grensa di for meklaren før ei budrunde.
Snakk med banken om dei ulike typane lån dei tilbyr. Kanskje har dei særskilte ordningar for førstegongskjøparar.
► Undersøk det praktiske ved sjølve bustaden.
Når ein er på visning, er det viktig å undersøke bustaden så grundig som mogleg. Gjensidige peikar på at det kan vere vanskeleg å oppdage feil og manglar på visning, men at ein står sterkare i eventuell tvistar dersom ein kan dokumentere at spørsmål ved tilstand og om oppussing er gjort.
Særleg bør du sjekke etter vasskader og feil på det elektriske anlegget. Sjekk om det elektriske anlegget er av nyare dato! Våtrom er også risikorom. Her bør du sjå etter teikn på fuktskadar og råte. Sjekk etter lukt, sprekkar i fliser og liknande. Eit anna tips er å sjekke om kommunar har planlagte prosjekt som kan påverke ditt kjøp.
► Når du endeleg skal leggje inn bud, åtvarar Gjensidige mot å leggje inn fleire enn eitt bud samstundes. Bud er nemleg bindande, og du vil ikkje risikere å brått sitje med to bustadar.
► Når bustaden er din, bør du gå gjennom den på ny. Reklamasjon må gjerast innan kort tid, ofte innan to eller tre månadar.
LES OGSÅ: Fleire kausjonerer for borna sine
Faktaboks
Kjelde: Gjensidiges boligkjøpskole.