Ho skal gje jenter ein trygg stad for musikk

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg freistar å formidle eit usminka og ærleg bilete av korleis det er å vere ung jente i dag. Så håpar eg at musikken min kan bidra til at andre jenter torer å gje litt faen i alle forventingarsom vert stilt, og kjenner seg frie til å vere den ein er, fortel artist og låtskrivar Kaja Gunnufsen.

LES OGSÅ: «Dei har undervurdert oss skikkeleg»

Noregs største bandleir for jenter, LOUD!, har i sommar hanka inn Gunnufsen og vokalist i Sløtface, Haley Shea, som leiarar.

Målet til bandleiren er å gjere gode rollemodellar synlege og skape trygge omgjevnader for musikalsk utfaldelse.

Gunnufsen, som var kjend for tekstar som «Desp» og «Faen Ta», jobbar for tida med nytt album.

– På LOUD! får vi moglegheit til å prøve mykje nytt, og det spelar inga rolle om ein har mykje eller lite erfaring frå før av. Det viktigaste er at vi skal ha det gøy, og lage og spele musikk saman, seier artisten i ei pressemelding frå bandleiren.

Hailey Shea er med som frivillegkoordinator på leiren. Ho er vokalist i punkbandet og Urørt-finalisten Sløtface, som nyleg skifta namn for å unngå sensur i sosiale medium.

– Eg reknar LOUD! som det viktigaste eg gjer i laupet av eit år, fordi det er utruleg viktig å gje jenter ein trygg stad der dei kan utforske sine musikalske interesser, få gode vener og vere seg sjølv utan press frå forventingane dei vanlegvis må forholde seg til, seier Shea i pressemeldinga.

LES OGSÅ: Skuffa black-packers i Noreg