– Det er viktig å bli ferdig med inntektssystemet til kommunane før folkerøystingane, seier Unge Venstre-leiaren.

mm
Faktaboks

Kommunar som slår seg saman får dette i støtte:

• Eingongskostnader
• Reformstøtte
• Basistilskotet på 13,2 millionar kroner for kvar kommune går med inn i den nye kommunen i 15 år, med ei nedtrapping i fem år etter dette.
• Kommunar under 3200 innbyggjarar får halda på småkommunetillegget på 5,4 millionar kroner inn i den nye kommunen i 15 år, med ei nedtrapping etterpå.

DØME:

På måndag skal mellom anna Stord og Fitjar ha folkerøysting. Dersom Fitjar og Stord slår seg saman vil den nye kommunen få dette:
• 25 millionar til eingongskostnader i 2017
• 20 millionar i reformstøtte i 2019
• 5,4 millionar året i 15 år i småkommunetillegg og så ei nedtrapping i 5 år
• 13,2 millionar i året i 15 år basistilskot og så ei nedtrapping i 5 år:
Totalt 324 millionar kroner i løpet av 15 år + nedtrapping.

LES FAKTALUKK FAKTA

Denne veka går det truleg mot slutten på forhandlingane mellom Venstre og regjeringspartia om nytt inntektssystem for kommunane. Då blir det klart kva småkommunane må klara seg med, dersom dei ikkje slår seg saman.

Fleire kommunar har allereie hatt folkerøystingar om samanslåing. Måndag 25. april skal ei rad med nye kommunar ha folkerøysting. Totalt skal nesten 200 kommunar ha folkerøysting om kommunesamanslåing no i vår.

LES OGSÅ: – Det blir svindyrt å vera liten kommune

Gulrot og pisk
Unge Venstre-leiar Tord Hustveit meiner det er viktig at det nye systemet sikrar at det er gunstig å slå seg saman.

– Det beste hadde vore om ein hadde sagt kva oppgåver kommunane skal løysa og at inntektene hadde følgt desse, men inntektene er òg ein måte å gå fram på, seier Hustvedt.

Han er nøgd med gulrøtene som kommunane får for å slå seg saman (sjå faktaboks!), men meiner det òg er viktig å følgja opp med samferdselsprosjekt for betra samferdsel internt i dei nye kommunane.

– Kvifor meiner du me bør få større kommunar?

– Det er viktig å få ein kommunestruktur som matchar bu- og arbeidsmarknadane. Unge Venstre er òg opptatt av at me må få eit godt tenestetilbod i kommunane. Etter Samhandlingsreforma ser me at det er fleire kommunar som blir for små til å løysa desse oppgåvene på ein god måte åleine.

LES OGSÅ: «Pressa til eit ja»

Opnar for å gå mot folkerøystingar
Unge Venstre-leiar Tord Hustveit meiner det er kommunestyra som bør ta den endelege avgjerda om kommunesamanslåing, og viser til at folk fekk stemma i kommunevalet i haust.

Mange lokalparti har lova å følgja fleirtalet i folkerøystingane.

– Kor høg valdeltakinga er må vurderast i samband med legitimiteten til folkerøystinga. Eg meiner det må bli ei vurdering om ein vil gå mot resultatet òg utifrå omsynet til svake grupper som kan få eit svekkja tilbod utan ei samanslåing.

SJEKK SJØLV! Korleis er det å vera ung i kommunen din?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.09

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE