Stor auke i melde valdtekter
Talet på valdtektsmeldingar auka med 12 prosent frå 2014 til 2015, ifølgje ein ny rapport frå Kripos. Særleg stor er auken av nettrelaterte overgrep.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Vi håpar auken har sin bakgrunn i at fleire vel å melde til politiet, ikkje at det er ein auke i talet på valdtekter, seier Eivind Borge, leiar for taktisk etterforskingsavdeling i Kripos, til VG.
I fjor vart i alt 1.367 valdtekter meldt til politiet. Ein stor del av dei er kategorisert som festrelaterte valdtekter, men kategorien som aukar mest er «anna». Det som ofte går igjen i den kategorien er at den fornærma og gjerningspersonen har fått kontakt på internett.
LES OGSÅ:Overgriparen skulle ikkje få skade fleire
– Vi ser ein auke i talet på fornærma i desse sakene. Ofte har gjerningspersonen kontakt med mange, og ofte er det snakk om unge menneske. Då skjer overgrepa enten over nett, eller når dei møtest, seier Borge.
LES OGSÅ:– No er eg ikkje lenger eit mørketal
1.081 av dei melde valdtektene i 2015 lèt seg dele inn i kategoriar. Av dei var 422 festrelaterte, 220 «anna», 198 relasjonsvaldtekter, 144 sårbarheitsvaldtekter og 97 overfallsvaldtekter. Det var auke i alle kategoriar, men klart mest av sårbarheitsvaldtekter (71,4 prosent) og i anna-kategorien (76 prosent).
Borge legg til at sjølv om politiet oppfordrar fleire til å melde overgrep til politiet, så er det område med store mørketal. (©NPK)
LES OGSÅ: Rapport: Unge veit for lite om valdtekt