Refsar Human-Etisk Forbund for religionskritikk
Humanistisk Ungdom meiner moderorganisasjonen er altfor religionskritisk. Men kritikken blir avvist som naiv og urimeleg.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Refsar moder-organisasjonen
– Det er dessverre teikn til at sjølv om både Human-Etisk Forbund og samfunnet elles har bevegd seg framover i tid, er det nokre humanistar som har blitt igjen i 1956, skriv Humanistisk Ungdoms leiar Arnlaug Høgås Skjæveland i ein kommentar i Vårt Land. Kommentaren er identisk med talen ho heldt på landsmøtet i helga.
Der oppfordra ho Human-Etisk Forbund til å «komme ut av skyttargravene, strekkje ut handa og smile til dei andre livssyna».
LES OGSÅ: Humanetisk konfirmasjon
Overfor Fri Tanke utdjupar ho kritikken og viser til talen styreleiar Tom Hedalen heldt då Human-Etisk Forbund feira 60 år nyleg.
– Store delar av talen handla om kritikk av religion. Hedalen poengterte at «religion er makt» og snakka lenge om korleis Human-Etisk Forbund i alle år har kjempa mot denne religiøse makta. Eg synest dette er eit symptom på det eg meiner er problematisk i forbundet. I ein tale der ein skal feire seg sjølv, bør ein ikkje bruke halvparten av tida på å kritisere andre, seier ho.
Tom Hedalen har lite forståing for kritikken, og kallar utspelet både merkeleg, historielaust og naivt. Han meiner religionskritikk er viktig.
– Eg meiner vi skal vere religionskritiske. Her har Human-Etisk Forbund ei viktig rolle. Religion inneber definitivt makt, som eg sa i talen min. Det ser vi for eksempel når vi ser korleis prestar no nektar å vie homofile, seier han. (©NPK) (©NPK)
LES OGSÅ: Her kan vi ikkje ha noko gi og ta