Gav Erna fasit for å få med ungdom

– Utan ungdom vil aldri FNs berekraftsmål verte nådd, meiner LNU.

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gav fasit til Erna

Med ein ny rapport vil Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) gje norske styresmakter fasiten på korleis ungdom kan verte involvert i å nå berekraftsmåla.

– Vi står klare – bruk oss! Skriv Stian Seland, leiar i LNU i rapporten.

Denne veka lanserte han og LNU rapporten «1,8 milliarder grunner. Ungdom utvikling og bærekraft».  Seland overrakte rapporten til statsminister Erna Solberg på tysdag.

Vil ha støtteordning og ungdomsdelegat
Rapporten handlar om ungdoms rolle i FNs nye berekraftsmål. Der vert det hevda at måla ikkje vil verte nådd utan at ungdom vert involvert og engasjert i arbeidet.

LNU tilrår regjeringa å opprette ei støtteordning for ungdomssamarbeid for å bidra til FN-måla.

LES OGSÅ: Refsar kronprinsen og Global Dignity Day

I tillegg forslår dei at Utanriksdepartementet inkluderer ein ungdomsdelegat i oppfølginga av berekraftsmåla.

Organisasjonen deler no ut dei 160 delmåla i FN berekraftsmål til statsrådar og stortingsrepresentantar. Statsministeren fekk det meir overordna målet «Leave no on behind», som er blant hovudprinsippa i FN-måla.

Lite utviklingsarbeid retta mot ungdom
I 2014 var over ein fjerdedel av verdas befolkning mellom 10 og 24 år. Nær 90 prosent av desse bur i utviklingsland.

I rapporten kjem det fram at svært lite utviklingsarbeid rettar seg direkte mot ungdom.

Mangelen på tilgang til ein skikkeleg arbeidsmarknad, utdanning og naudsynte helsetenester er blant dei største hindra for å oppfylle ungdoms menneskerettar.

Svært mange unge slit med å overleve på under to dollar dagen, og 60 prosent av unge i utviklingsland korkje jobbar eller går på skule.

– Samstundes er det stadig mindre samsvar mellom utdanningssystemer og arbeidsmarknaden, slik at vi får ei rekkje utdanna ungdommar utan reelle moglegheiter til å få brukt sine opparbeidde kunnskapar i ein jobb, heiter det i rapporten.

LES OGSÅ: Unge frivillige druknar i byråkrati