8 ting alle 18-åringar bør kunne

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Helikopterforeldre sirklar over borna og grip inn ved minste teikn til motstand. Det kan gå utover unge sin evne til å handtere sine eigne liv, meiner Julie Lythcott-Haims.

Ho har tidlegare vore dekan ved Stanford-universitetet, og har skrive boka How to Raise an Adult. Basert på forsking, samtalar med pedagogar og arbeidsgjevarar, og eiga innsikt som tenåringsmor, hevdar Lythcott-Haims at foreldre må tore å gi barna sine større fridom .

Det er nemleg altfor mange som går foreldra sin veg i staden for sin eigen, godt hjelpt av helikopterforeldre, meiner Lythcott-Haims.

Lista nedanfor var først publisert av Quartz, og er basert på svar Julie Lythcott-Haims sjølv har gitt på Quora: What are the skills every 18 year old needs?

Desse åtte evnene bør du ha, dersom du er på veg ut i vaksenlivet:

1. Kan du snakke med framande?

Når du skal klare deg sjølv, kjem du ikkje unna å måtte snakke med framande: Huseigarar, sjefar, butikktilsette, kollegaar, bankarbeidarar, bussjåførar og mekanikarar. Det kryr av dei.

Likevel lærer mange barn at dei ikkje skal snakke med framande, hevdar Lytchott-Haims. Dermed får dei heller ikkje trent på å nærme seg framande med respekt, og skilje dei få farlege framande frå dei aller fleste heilt ufarlege.

2. Finn du vegen sjølv?

Ein 18-åring må klare å finne fram på eigenhand, anten det er på universitetet, i den nye studiebyen eller feriebyen.

Har du foreldre som køyrer deg alle vegar, når du like gjerne kunne gått, sykla eller tatt buss? Då er det mogleg du seinare vil slite med å finne ut av den beste måten å komme deg fram på i ulike situasjonar.

3. Gjer du oppgåvene dine i tide?

Har du foreldre som alltid har mint deg på kva tid heimeleksa skal inn og kva tid du må gjere den?

Kanskje du skal be dei la deg vere i fred. Ein 18-åring må kunne få unna arbeid, oppgåver og rekkje fristar, og då må ein lære å sjølv prioritere oppgåver og rekkje tidsfristar, ifølgje Lytchott-Haims.

LES OGSÅ: Noko skurrar i Oslo-skulen

4. Gjer du din del av husarbeidet?

Dersom foreldre lar vere å be barna hjelpe til heime fordi dei er for opptekne med lekser og faste aktivitetar, lærer ikkje barna å følgje med på eigne behov, respektere andre sine behov, eller ta sin del av husarbeidet.

5. Handterer du å hamne i ein krangel?

Dersom foreldre alltid grip inn for å glatte over misforståingar eller rydde opp i problem mellom vener, utviklar ein ikkje evna til å ordne opp i eigne problem, meiner forfattaren.

6. Er du klar for opp- og nedturar?

Mange foreldre grip inn når ting vert vanskeleg, gjer ferdig oppgåver for barna sine, utsetter tidsfristar, og snakkar med andre vaksne.

I laupet av eit liv vil ting gå opp og ned, men det kjem stort sett til å gå bra likevel. Det kan vere vanskeleg å vite, om ein ikkje har fått erfare opp- og nedturar i oppveksten.

7. Kan du tene og handtere pengar?

Har du hatt deltidsjobb i oppveksten, eller har du levd godt på lommepengar frå mor og far?

Det vil påverke i kva grad du kjenner ansvarskjensle for å gjere ferdig arbeidsoppgåver, eller verdsetje kva ting faktisk kostar, ifølgje Lythcott-Haims.

8. Tør du å ta ein sjanse?

Tør du ta ein sjanse, eller køyrer du sikkert løp? Dersom foreldre unngår alle hinder for barna sine, utviklar ikkje barna forståing for at suksess berre kjem etter at ein har prøvd og feila og prøvd på ny, meiner forfattaren.

LES OGSÅ: Vil ha livmeistring inn i skulen