Ein skulle vore religiøs. Det har sine problematiske sider, det er det ingen tvil om, og dei har fått mykje merksemd. Men jammen har det sine fordelar også.

mm

Dei problematiske sidene ved å vere religiøs er mange. Du må følgje strenge og litt rare reglar for kva du kan seie og gjere og korleis du kan kle deg og kva du kan ete og drikke. Du må vere litt for alvorlig. Og du må tru på ting som det ærlig talt er svært vanskelig å tru på. Men på den andre sida, alt dette må du også gjere dersom du er hipster. Og då har du ingen av fordelane.

For det har som sagt sine fordelar å vere religiøs. Du slepp unna med ting. Denne veka har for eksempel Den norske kyrkja (Kyrkja tidligare kjent som statskyrkja) vedtatt at folk av same kjønn skal få lov til å gifte seg.

Folk av same kjønn har allereie lov til å gifte seg, som du sikkert veit. Det har faktisk vore lov i over sju år, sidan den felles ekteskapslova tredde i kraft i Norge 1. januar 2009. Det Kyrkja tidligare kjent som statskyrkja vedtok denne veka, etter ganske mykje diskusjon og sterkt press, var altså å følgje lova som blei innført for over sju år sidan. Men først etter at dei har brukt eit års tid til å lage ein liturgi. Og berre dei som vil. Det er ingen i Den norske kyrkja som skal tvingast til å følgje lova. Dei som ikkje vil, skal få sleppe.

Dei har altså bestemt at dei skal følgje det som har vore norsk lov i over sju år, men dei skal først gjere det om ei stund, og berre litt, kanskje.

Og ikkje nok med det. Dei forventar ros for dette. Og ikkje nok med det heller. Dei får ros for dette. Masse. Folk klappar dei på skuldrene. Dei blir kalla moderne.

Du store verden.

Folk som ikkje er religiøse kan ikkje halde på sånn. Dersom du er imot å betale skatt, for eksempel, då kan du ikkje berre la vere å betale skatt i årevis. Du kan ikkje seie at dette er ei vanskelig sak for deg, og at dette er noko ein ikkje kan ta lett på, og så la vere å betale skatt medan du tenker deg grundig om. Og så ein dag, endelig, etter mykje mas, bestemmer du deg for å betale skatt. Om ei stund. Kanskje. Viss du ikkje ombestemmer deg igjen. Det kan godt hende.

Du kan ikkje halde på sånn viss du ikkje er religiøs. Og viss du gjer det, så får du i alle fall ikkje ros for det.

Elles viss du er imot fartsgrenser. Eller for fri narkotika. Eller viss du er imot at FrP-politikarar skal ha lov til å sitte i regjering. Eller viss du er tilhengar av brannstifting.

Du forstår.

Så eg er litt misunnelig. Ikkje det at eg er imot likekjønna ekteskap, eller skatt, eller fartsgrenser, eller at FrP-politikarar skal få lov til å sitte i regjering. Eller at eg liker narkotika. Eller å sette fyr på ting.

Men det hender jo at det blir innført lover som eg er ueinig i. Og då hadde det jo vore fint å kunne seie: «Vi får sjå». Og kanskje få ros og klemmar viss eg sju-åtte år seinare seier: «Okei då!»

Så kanskje det likevel er verd det, dette med religion? Det har som sagt veldig mange problematiske sider. Det verkar fryktelig slitsamt å gå rundt og sjå ut som ein hipster og vere konstant krenka. Men kanskje er det likevel verd det? Kanskje skulle ein prøve det?

Vi får sjå. Eg skal tenke på det. Og så skal eg vurdere å bli religiøs om ein del år. Kanskje. Men berre viss eg slepp å tru på alt mulig. Eg trur på det eg vil, resten droppar eg.

Dette kan eg vurdere.

Men då forventar eg jubel, altså!
 

Først publisert i Aftenposten 16. april.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.09

Kommentarar

ANNONSE