«Min kamp» på norske scener

Etter å ha gjort stor suksess i Stockholm, blir ei dramatisering av Karl Ove Knausgårds «Min kamp» å sjå på scener landet rundt i haust.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er Riksteatret som saman med Oslo Nye Teater og Agder Teater har fått regissør Ole Anders Tandberg til å sette opp framsyninga her heime – med norske skodespelarar.

Å lage teater av «Min Kamp» på seks bind og 3.622 sider er inga enkel oppgåve. Nationaltheatret annonserte i november 2013 at dei skulle lage teater av bokverket, men måtte gi opp.

Fire gonger Knausgård
Umogleg er også eit ord som går igjen når Tandberg skal beskrive sitt prosjekt:

– Fire skodespelarar av kvart kjønn er fanga i oppgåva å forvalte romanen. For dei er det ei like umogleg oppgåve som det Karl Ove Knausgård må ha kjent då han sat og skreiv, seier Tandberg.

Men som Knausgård, må Tandberg og skodespelarane ha fått det til. Kritikarane var svært begeistra etter at stykket hadde urpremiere på Stadsteatern i Stockholm.

Tandberg fortel at det var ein lykkeleg augneblink då han forstod etter fire prøvedagar at dette kunne bli godt teater. Det skjedde etter ein fleire veker lang periode der regissøren hadde sete saman med skodespelarane og knadd og vaska manuset – som opprinnelig var på ti timar – ned til ei framsyning på dryge to timar.

– Under prøveprosessen blei vi meir og meir klar over for eit lysande scenisk språk Knausgård har, seier Tandberg.

Han har valt å la alle dei fire skodespelarane i stykket ha rolla som Knausgård.

– Eg trur det er morosamt for skodespelarar med eit stykke der alle er likeverdige. Og så er det jo noko med eit prosjekt som i seg sjølv er umogleg – då måtte eg finne på noko som er like umogleg på scenen for å vere sikker på at det blei teater av det og ikkje iscenesett litteratur, seier Tandberg.

Som i bøkene startar scenehistoria med Knausgårds skjelsettande barndomsopplevingar, før ho endar i Malmö der både romanfiguren og den verkelege Karl Ove bur med ektefellen Linda og barna deira.

Gleder seg
Ei av dei som skal framstille Knausgård er Agnes Kittelsen. Det var ikkje vanskeleg å seie ja då ho fekk spørsmål om å vere med i «Min kamp», fortel ho.

– Det er lenge sidan eg har gleda meg slik til eit prosjekt, seier Kittelsen til NTB.

Ho er stor fan av Knausgård, og fortel at ho gjekk inn i ei boble og las alle seks binda av «Min kamp» i eitt for ei tid sidan. Som Knausgård er ho oppvaksen i Kristiansand, så ho kjenner godt igjen delar av miljøet og dei stadane han skildrar.

– Eg har også veldig lenge hatt eit ønske om å jobbe med Ole Anders Tandberg, og har hatt veldig lyst til å jobbe med Riksteatret igjen og reise på turné, seier Kittelsen, som var på turné med Riksteatret i 2012 med Harold Pinters «Bedrag».

Den vevre kvinna har svært lite til felles med den høge Knausgård. Om det at ho no skal spele han på scenen, seier ho med eit smil:

– Eg trefte Karl Ove i vinter og fortalde at eg skulle spele han. Eg stod og såg opp på han. Han er jo veldig lang. Han lo litt, men vi var vel begge einige om at det var interessant, seier Kittelsen.

I tillegg til Kittelsen skal Christian Rubeck og Ingjerd Egeberg spele i «Min kamp». Den fjerde skodespelaren er så langt ikkje kjent.

Det blir noregspremiere på Kilden i Kristiansand 2. september, og «Min kamp» skal vidare på turné til 50 stadar landet rundt. Midt i turneen blir det eit lengre stopp i Oslo der framsyninga skal spele på Oslo Nye Teater frå 11. oktober til 29. oktober.

Faktaboks

Dette er spelestadane:

Oslo, Kristiansand, Horten, Vikersund, Ål, Fagernes, Gjøvik, Lillehammer, Stjørdal, Verdal, Steinkjer, Namsos, Kolvereid, Sandnessjøen, Mo i Rana, Tromsø, Finnsnes, Narvik, Harstad, Bjugn, Melhus, Oslo, Os, Stord, Bømlo, Aksdal, Sandnes, Egersund, Flekkefjord, Kvinesdal, Mandal, Arendal, Bø i Telemark, Skien, Notodden, Larvik, Nøtterøy, Drammen, Halden, Fredrikstad, Kongsvinger, Elverum, Hamar, Jessheim, Askim, Molde, Oppdal, Røros, Åndalsnes, Nordfjordeid