Nølande ja til samanslåing

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Måndag fekk innbyggjarane i Sunnfjord og delar av Ytre Sogn seie kva dei meiner om å slå seg saman med ein eller fleire av naboane. Eit tydeleg avslag frå florøværingane ser ut til å punktere draumen om det som kunne ha blitt ei av dei største samanslåingane i landet. Heile 70 prosent av folket i Flora kommune sa nemleg nei takk til det som kunne ha blitt ein storkommune med Førde som kommunesenter, skriv NRK.

Det ser dermed ut som om ordførar i Førde og samanslåingsentusiast Olve Grotle må vinke farvel til ein gigantkommune, og heller sette si lit til ei samanslåing av dei fire kommunane Førde, Jølster, Naustdal og Gaular. Høgre-ordføraren har til no vore den fremste talspersonen for å samle Sunnfjord og delar av Ytre Sogn i ein kommune.

– Eg må få lov til å seie at vinden blæs i retning av ein kommune i Indre Sunnfjord. Eg er ikkje overraska, men det hadde sjølvsagt vore kjekt om vi hadde fått til ein kommune i heile Sunnfjord, seier Grotle til NRK.

Folket delt
Sjølv om fleirtalet av innbyggjarane i både Jølster, Naustdal og Gaular no har røysta til fordel for ein storkommune i Indre Sunnfjord, er ikkje oppslutninga overveldande. Av dei som røysta i Gaular, putta 649 ei ja-stemme i urna, medan 600 røysta nei.

I Jølster kommune vart det også eit jamt løp. Resultatet vart eit ja til samanslåing med Førde, Gaular og Naustdal, men jasida trekte det lengste strået med knapp margin, berre med 49 røyster meir enn neisida.

I Naustdal kunne innbyggjarane stemme over tre alternativ. Folkerøystinga bidrog ikkje akkurat til å klarne opp, for der fekk kvart alternativ omtrent like mange stemmer. 29 prosent ville ha ein storkommune i Sunnfjord, 34 prosent ville ha firekommunarsalternativet det no ser ut til å gå mot, og flest, 36 prosent, stemte for at Naustdal skal halde fram som eigen kommune.

LES OGSÅ: Kampen for storkommune

Storebror vil bli større
Førde kommune hadde ikkje folkerøysting, men gjennomførte heller ei innbyggjarundersøking over telefon. 1001 tilfeldige personar i kommunen fekk dermed ein telefon frå meiningsmålingsbyrået Opinion med spørsmål om kven dei kunne tenkje seg å slå seg saman med.

Heile fire av fem innbyggjarar svarte då at dei kunne tenkje seg ei samanslåing. Ordførar Olve Grotle har dermed fått godt gjennomslag for fordelane han har peika på ved at Førde får naboane med på laget. Han ser likevel utfordringane ved at innbyggjarane i nabokommunane ser ut til å vere delte på midten i synet på samanslåing.

– Det er ingen tvil om at det har vore eit veldig tett løp. Både i Jølster og Gaular er det eit knipent fleirtal. Men fleirtalet er der, så no blir det opp til kommunestyra å handsame dette vidare, seier Førde-ordføraren til NRK. (©NPK)

LES OGSÅ: «Språk er makt – og maktmisbruk?»