Fire av fem pelsfarmar er lagde ned

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fire av fem pelsfarmar nedlagd

– Tala frå Landbruksdirektoratet er gledeleg, men framleis er over ein million pelsdyr bura inne på norske pelsfarmar. På det meste finn ein fleire kilometer med bur der rev og mink sit sperra inne, og dei lir kvar einaste dag, seier Live Kleveland, kommunikasjonsleiar i Dyrevernalliansen i ei pressemelding.

DEBATT: «Sei nei til pels!»

Kvart år minkar talet på pelsfarmar i landet, og heile 81 prosent er lagt ned sidan 1996. Tala svarer til eit gjennomsnitt på 61 færre pelsfarmar kvart år.

Medan talet på farmar søkk, så aukar dei resterande farmane i storleik. I 2015 heldt dei største anlegga over 30.000 dyr. Tidlegare var det vanleg med nokre hundre dyr per farm, men i dag husar eit aukande tal farmar fleire tusen dyr, ifølgje Dyrevernalliansen.

Det finst inga konsesjonsgrense for kor mange rev eller mink ein kan ha på ein farm. Mattilsynet har uttrykt uro for denne industrialiseringa av pelsdyroppdrett, og dei peiker på at farmane ofte har få tilsette og er uroa over ei næring som opererer med svært lite tidsbruk per dyr, hevdar Dyrevernalliansen. (©NPK)

LES OGSÅ: No er det vinn eller forsvinn for norsk pelsdyrnæring