Vil heller ha fri enn meir løn

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Over 44 prosent opplyser at dei heller vil ha meir fritid enn høgare løn, vel 35 prosent opplyser at dei er usamde, og 19,8 prosent svarar at dei ikkje veit.

Flest menn (47 prosent) ønskjer meir fritid, og litt over 41 prosent av kvinnene.

I alderen 30 til 64 år er det flest som vil ha fri. Personar i alderen 18 til 29 år ønskjer ikkje meir fritid enn høgare løn.

Alle regionar i Noreg ønskte meir fritid enn meir lønn, bortsett frå personar busett i Oslo-regionen.

Personar busett på Austlandet er mest positive til fritid (49, 4 prosent), tett følgt av folk på Vestlandet.

Til saman 1.005 personar var med i undersøkinga, som er utført av InFact for Framtiden i våre hender. 

LES OGSÅ: Unge tapar kampen om jobbane