Elevar til streik mot ny fråværsregel
Sosialistisk Ungdom i Hordaland oppmodar til elevstreik.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Elevar går til streik
Sosialistisk Ungdom i Hordaland oppmodar elevar på vidaregåande skular til å halde seg heime i protest mot at regjeringa innfører fråværgrense på 10 prosent frå hausten.
Ungdomspolitikarar reiser i desse dagane rundt til vidaregåande skular for å informere om streiken som startar 11. mai, melder NRK.
– Ja, det drygt med elevstreik, men det er òg drygt å tvinge ei slik grense på elevar og lærarar som ikkje vil ha det. I denne saka må vi setje hardt mot hardt, seier Daniel Charles Hextall i Sosialistisk Ungdom (SU).
Den nye regelen inneber at elevar som har høgare udokumentert fråvær, ikkje vil få halvårskarakter eller standpunktkarakter i det aktuelle faget.
– Det å stille krav til elevane er å bry seg om elevane. Det er valfritt å byrje på vidaregåande skule, men når ein har valt å gå på vidaregåande skule er det ikkje valfritt om ein møter opp til undervisninga, sa kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) til Aftenposten i fjor. (©NPK)
LES OGSÅ: Fryktar for elevdemokratiet