Ubalanse i barnebokmarknaden uroar
I 2014 vart det gitt ut 570 omsette barnebøker i Noreg mot 386 nye barnebøker skrivne av norske forfattarar. Ubalansen uroar Norsk barnebokinstitutt.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det er eit problem at omsette engelskspråklege barnebøker dominerer marknaden meir og meir. Det har samanheng med internasjonaliseringa av media og marknadsliberaliseringa av den norske bokmarknaden, seier utdanningsleiar ved instituttet Dag Larsen til Klassekampen.
Talmaterialet Nasjonalbiblioteket utarbeider for instituttet viser også at delen omsett barne- og ungdomslitteratur auka kraftig frå 2013 til 2014, mens delen av originale bøker på norsk gjekk ned i det same tidsrommet.
Larsen meiner barnebøker skrivne av norske forfattarar kan bidra til å demme opp for den sterke innverknaden av angloamerikansk kultur.
– Norske barn blir allereie sterkt eksponerte for dette gjennom filmar og TV-seriar. Barne- og ungdomsbøker skrivne av norske forfattarar kan styrke forståinga av eige språk, seier han.
Sverre Henmo, forlagssjef for barne- og ungdomslitteratur i Aschehoug, trur tala vil justere seg på sikt.
– Eg ville vore meir uroleg om det hadde vore slik at barn og unge slutta å lese gode bøker, seier han.
Men han forstår samtidig at det kan vere freistande å gå for ein utanlandsk bestseljar.
– Av og til kan det vere både enklare og billegare for norske forlag å omsette utanlandsk litteratur. (©NPK)