Spekkhoggarar på vitjing

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Spekkhoggarar skapte oppstuss

– Vi såg dei fyrst utanfor Høydalen, mellom Store-Standal og Sæbø, fortel Jørn Nydahl, som fekk oppleve det sjeldne besøket i Hjørundfjorden saman med kona Sarah Høgalmen og kompisen Frode Gjerløw Holen.

Det har vore spekkhoggarar, eller staurkvalar, i fjordsystema tidlegare, men dei er ikkje alltid like enkle å få auge på.

Spekkhoggarar på jakt etter sild kom inn Hjørundfjorden 2. påskedag. Tysdag var dei på plass i Ørstafjorden.

Då kvalane vart observert i 15.30-tida, prøvde dei tre å følgje kvalane utover fjorden langs Hjørundfjordstranda.

– Utanfor fonnverna mellom Stavset og Store-Standal stoppa dei, for der fann dei maten. Der var sild i store mengder, og det skumma i overflata. Kvalane koste seg med silda i femten til tjue minutt før dei reiste vidare ut fjorden. Ein av skipperane på Festøy-ferjene observerte kvalane utanfor Festøya rundt 17.30, fortel Nydahl.

Spekkhoggarane er flokkdyr, og det var fem dyr i familien som var på vitjing måndag.

Tysdag føremiddag vart det observert spekkhoggarar i Ørstafjorden. Ein flokk på rundt ti spekkhoggarar kom nesten heilt inn til småbåthamna før dei snudde og gjekk ut att fjorden. Fleire fekk med seg det uvanlege besøket, og nokre reiste også ut i båt for å få ei naturoppleving utanom det vanlege. Ein lesar fekk også fanga spekkhoggarane på video.

Sjå videoen her

Les saka i Møre-Nytt!