Somme går på ski. Andre brukar påskeferien på å spele data på verdas nest største datatreff.

Tom Erik Solstad, Fjuken
Tom Erik Solstad, Fjuken

Onsdag denne veka opna dørene til årets datatreff «The Gathering», eller TG som dei fleste seier, i Vikingskipet på Hamar.

Her er 5.600 personar samla for å spele data, surfe, høyre på konsertar og delta på ulike aktivitetar. I tillegg er om lag 400 friviljuge med og jobbar på det årlege datatreffet som er landets største, og verdas nest største datatreff.

To av dei mange ottadølane som er på TG i år, er 17-åringane Gaute Hellekveen Sveine og Jim Torstein Berg frå Skjåk.

Tidleg onsdag morgon reiste dei til Hamar med datamaskiner og -utstyr, soveposar og liggjeunderlag for å delta på det store datatreffet.

– Det blir lite søvn. Eg har sove berre seks timar sidan onsdag. Jim har sove nokre timar lenger, fortel Gaute Hellekveen Sveine fredag kveld. Han trivst betre på TG i påskeferien enn han hadde gjort på ski.

– Ski er ikkje mi greie, seier han.

Dette er fjerde gongen Gaute deltek på datatreffet på Hamar. Kompisen Jim Torstein besøker TG for tredje gong. Det blir mange timar framfor dataskjermen, men kanskje ikkje så mange timar som folk trur.

– Det er mange som trur at det å vere på TG består av å sitje framfor ein skjerm og glo i fem dagar, men det er ikkje tilfelle. Faktisk, dersom ein er med på mykje av det som skjer av arrangement desse dagane, sit ein ikkje så mykje ved dataen og spelar, seier Gaute.

Skjåkværane Gaute Hellekveen Sveine og Jim Torstein Berg er langt frå dei einaste ottadølane som tilbringar påskeferien sin på Hamar. Kvart år deltek mange ungdomar frå Skjåk, Lom og Vågå på det store datatreffet.

– Det er ei stor oppleving å delta på TG. Det viktigaste er kanskje det sosiale. I tillegg er det svært morosamt, seier Gaute og Jim Torstein.

At dei måtte stå ein time i bilkø, og bortimot ein time i kø for å kome inn i Vikingskipet onsdag, speler ingen rolle. Det er det verdt, meiner dei to 17-åringane frå Skjåk.

«The Gathering» varar fram til høgst dag sundag 1. påskedag.

Kompisane Gaute Hellekveen Sveine og Jim Torstein Berg likar å spele data betre enn å gå på ski. Foto: Tom Erik Solstad

LES SAKA I FJUKEN!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.08

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE