Kortreiste miniekspedisjonar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forfattarane og turentusiastane Marius Nergård Pettersen og Mikkel Soya Bølstad fortel i ny bok om dei små eventyra – mikroeventyra – som ligg og ventar på deg rett utanfor stovedøra. Dei definerer eit mikroeventyr som ein tur på eitt til tre døgn, basert på ein konseptuell (kanskje litt sprø) idé, og planlagt og gjennomført som ein ekspedisjon. For dei er eit mikroeventyr nært, enkelt og eventyrleg.

I boka «#mikroeventyr» får vi vere med på 25 turar for å sjå mangfaldet gjennom ulike årstider.

LES OGSÅ: Sett rovdyrspor i påskefjellet?

Bruk hola i kalenderen
Mange har ei førestilling om at ein ekte eventyrar dreg veldig langt av garde, kanskje til andre sida av kloten for å gjennomføre ekspedisjonar.

Marius og Mikkel meiner kjensla av eventyr eksisterer i hovuda våre. Og vi kan finne denne kjensla i vårt eige nærområde. Med enkle middel kan du stadig finne nye, små ekspedisjonar i kvardagen.

For dei to handlar eventyret om å utnytte dei moglegheitene som dukkar opp i dei smotthola som kalenderen gir oss. Små opphald i tidsklemma. Vi treng ikkje sikte mot fjerne horisontar. Eit eventyr kan vere svært kortreist, lite utstyrskrevjande og miljøvenleg.

Med #mikroeventyr vonar dei to friluftslivsfolka at eventyra deira kan inspirere oss andre til å sjå moglegheitene til eigne ekspedisjonar. Det er eit enormt potensial som skjuler seg i nære omgjevnader viss du ha nok fantasi, meiner dei. Det handlar ikkje om å finne på dei mest crazy ideane, men å flytte litt på grensene for kva ein tur er og kan vere. Alle har godt av å tenkje annleis. Ein tur treng ikkje likne på alle andre turar.

LES OGSÅ: Blest om fjellskikk og fjellvett

Medstraums
Så kva med å padle på ei luftmadrass i ei stilleflytande elv? Følgje elva frå kjelda til havet, kanskje. Noreg har nok av vassdrag å velje i. Og dette er ikkje så sært og spesielt som du kanskje trur. I Australia er det faktisk populært. Der har friluftsfolk halde på med dette i årevis og aktiviteten har fått namnet «Liloing».

LES OGSÅ: Aldri før har fjellet vore så populært

Kart og kompass
Planlegging er halve turen, seiest det. Tja. Kva med å finne ein bunke med kart over område som har rimeleg reiseveg heimanfrå for ein overnattingstur og berre trekkje ut eitt tilfeldig … og dra dit?

LES OGSÅ: Villmarksjenta flyttar ut

Fiskemaraton
Viss du er glad i å fiske, kvifor ikkje gjere ein vri ut av fisketuren? Forfattarane fann ei strekning på kartet på 42 kilometer som hadde ei rekkje fiskevatn. Regelen var å få fisk i første vatnet før dei kunne gå vidare til neste. Målet var å kome seg til siste vatnet innan 24 timar – og helst først.

LES OGSÅ: Den skumlaste turisthytta?

Ut mellom jobb og jobb
Kva gjer du når du lengtar etter ein tur, eller eit lite avbrekk, midt i arbeidsveka og helgane er opptekne i overskodeleg framtid med bursdagar, dugnader, kakelotteri etc.?

Turlivet treng faktisk ikkje avgrense seg til helgar og feriar. Det er om lag 16 timar mellom kvar arbeidsdag. Kvifor ikkje bruke desse timane til ein liten mikrotur og sove ute? Dra ut i naturen ved skumringstid, tenn eit bål, sov under open himmel og vakne til fuglesong … før du hastar tilbake til kvardagslivet.

Det går også an å overnatte i hagen din eller på verandaen, eller finne eit stort, kraftig tre i skogen som du kan feste ei hengekøye i og sove der ei natt.

Marius og Mikkel testa også ut å dra rett frå jobb og ut i skogen – i dress med tilhøyrande stresskoffert og sovepose under armen – og så vidare til «forretningsmøte» dagen etter.

Men på tur i dress er ei hårfin grense mellom å sjå stilig ut og likne ein boms. Så la ikkje dressen bli møkkete! Vel ein dress med stretch for komforten sin del. Ifølgje karane er dressen overraskande vindtett, men litt vel mykje open i halsen. Så dei tilrår eit matchande skjerf. Og å pakke i stresskoffert er utfordrande, men det er ingen fare for at du dreg med deg for mykje.

LES OGSÅ: Vis brannvett – ute som inne

Jobbreisa
Det er mange måtar å kome seg til jobb på. Marius Nergård Pettersen prøvde 22 alternativ gjennom eitt år. Han brukte alt frå rulleskøyter, stylter, hoppesko, spark og rullestol, til padlebrett, robåt, symjeføter og mykje anna artig. Jobbturane tok alt frå femti minutt til nesten sju timar. Så du må leggje inn litt slingringsmonn for å unngå at arbeidsdagen blir altfor kort …

LES OGSÅ: Oppfylte turdraumen over Svalbard

Yttergrensa
Ein tur heilt på grensa, eller til og med grensesprengjande kan vere å gå langs ei kommunegrense. Har du tenkt på det? Kommunegrensa tek deg gjennom eit allsidig naturterreng og du kan gå heile eller delar av ho, alt etter kor mange dagar du vil setje av til turen.