Sett rovdyrspor i påskefjellet?
Ved hjelp av ein app kan du enkelt dele observasjonar av rovdyrspor i påskefjellet, og slik bidra til kartlegging.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Melding om rovdyr, spor og innlevering av hår- og skitprøver er ein viktig del av overvakinga av dei store rovdyra i Noreg, melder Rovdata på sine nettsider.
LES OGSÅ: Blest om fjellskikk og fjellvett
– Dersom du ser gaupe, jerv, brunbjørn eller ulv på påsketuren din, eller spor etter artane, så del gjerne observasjonen din i det felles skandinaviske rapportsystemet Skandobs. Du kan også ringe til nærmaste rovviltkontakt i Statens naturoppsyn (SNO). Vi bruker informasjonen til å kartleggje og overvake bestanden i Noreg, forklarer Jonas Kindberg, som er leiar i Rovdata.
Dersom du er usikker på kva type spor du har sett så kan du studere rovdyrspor på nettsidene til Rovdata. Alle data om observasjonar som kjem inn gjennom applikasjonen vert vurdert, og særskilt viktig informasjon blir følgt opp i felt av SNO.
Du kan legge inn både bilete, informasjon og plassering for kvar du har sett dei. Dersom ein tek bilete av dyrespor så hugs å få med noko på biletet som syner størrelsen på sporet – til dømes ei fyrstikkeske, skriv Rovdata. Det er viktig å melde frå fort, slik at nærmaste feltpersonell får beskjed om observasjonen.
LES OGSÅ: God påske!