Sender skummel påskekrim på sms

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ringte politiet etter sms-novelle

Stavanger bibliotek i kulturhuset Sølvberget er det einaste i Noreg som har utlån av sms-noveller.

I påska tilbyr dei lesarar frå heile landet å lese sms-grøssaren «I morgen skal du dø».

For å marknadsføre det nye litteraturformatet – ei form for interaktiv historie som kjem i små drypp på mobilen – tilbaud Sølvberget ei julekalenderhistorie i desember. No tek dei opp att suksessen – med tilbod om påskekrim.

Novella er spesialskriven for mobilformat av Steen Langstrup. I motsetnad til vanleg lesing kan ikkje lesaren sjølv velje når dei får neste del av historia.

– Det kan vere ganske skummelt, faktisk å få ei ladd melding på mobilen seint på kvelden med ukjent avsendar. Denne historia her er spesielt nifs, seier prosjektleiar Siri Odfjell Risdal ved Sølvberget til NTB.

Sidan oppstarten for fire månader sidan har dei lånt ut dei 13 tekstmelding-novellene sine 300 gonger, noko som dei meiner er ganske bra for eit såpass ukjent format.

Få nyhendebrev med siste boknytt her!

Ringde politiet
Sms-litteratur er ein ny sjanger, som har slått bra an i Danmark. Lesaren får historia som tekstmeldingar over fleire dagar og kan viklast inn i handlinga.

– Noko av det spennande er at forfattaren kan leike med namn på avsendar og tidspunkt for sending og dermed påverke leseopplevinga. Det tek som oftast nokre dagar frå ein bestiller ei novelle til den første meldinga kjem. Då tilbodet blei lansert i Danmark, var det fleire som ringde politiet når dei fekk ein urovekkjande sms frå ukjent avsendar. Dei hadde gløymt at dei hadde bestilt tekstmeldings-novella og blei skremde når det kom melding frå ukjent avsendar, seier Risdal.

Ideen om å låne ut sms-litteratur fekk Sølvberget for eit år sidan, då det danske forlaget SMSpress presenterte tilbodet på Nordisk barnebokkonferanse. Danskane fortalde at dette hadde slått an i heimlandet.

– Konseptet er det same som med andre tilbod på biblioteket: Lånaren vel kva dei vil lese, og kan låne det gratis ved hjelp av lånekortet sitt. Men forskjellen er at lånaren ikkje styrer lesinga sjølv og når ein får meldingane. Dei ofte uventa meldingane gir ei veldig livaktig leseoppleving.

Få siste boknytt på nettsida di her!

Gøy å prøve
Ifølgje Risdal er det fleire bibliotek i Noreg som skal vere interesserte i å inkludere sms-litteratur i tilbodet sitt.

– Førebels er det eit lite kjent format med få utgivingar. Dei må spesialskrivast for sms. Men vi har fått god respons på tilbodet. Det er mange som er nysgjerrige, og med popularitet håpar vi fleire forfattarar vil prøve seg. Uansett er det viktig at vi som bibliotek tilbyr litteratur på alle tilgjengelege plattformer. Ikkje minst er dette eit morosamt format som gir ei ny og annleis leseoppleving. Så vil framtida vise om det overlever, seier ho.

Ofte blir spenningskvaliteten i bøker målt etter om det er mogleg å leggje vekk boka. Viss strøymde TV-seriar er gode, ser folk gjerne 13 episodar på to dagar. Vi klarer ikkje vente på fortsetjinga.

– Her er det slik at sjølv om du er inne i ei spennande historie, får du ikkje vite meir før neste melding. Kanskje bidreg det til spenninga at du må vente litt, at du ikkje veit når den neste beskjeden kjem? seier Risdal.

Krimnovella kan lånast gratis frå Stavanger bibliotek heile påska og kan bestillast ved å sende SP DØ til 2130. (©NPK)

QUIZ: Prøv deg på den store krimquizen!

Faktaboks

Fakta om sms-litteratur

* Sjanger som inkluderer noveller, dikt og «real time»-forteljingar lesaren får tilsendt på mobil.
* Lesaren kan kjøpe eller låne eit verk og får det normalt som tekstmeldingar på mobil frå hovudpersonane i historia.
* Lesarane får som regel 1– 5 meldingar om dagen over fleire dagar.
* Det kompakte formatet, tidsfaktoren og avsendaren spelar ofte ei avgjerande rolle i forteljinga, som utfaldar seg melding for melding.
* Nokre gonger kan lesaren bli ein del av historia og skal svare tilbake, andre gonger er lesaren berre fluge på veggen.
* SMSpress leverer i Skandinavia og vidareutviklar den tekniske plattforma.
* Blir brukt av dei fleste danske kommunar og bibliotek, men i Noreg berre av biblioteket i Sølvberget i Stavanger.

(Kjelde: SMSpress) (©NPK)