Sår tvil om effekt av Hordfast

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sår tvil om effekt av ferjefritt

Analyseselskapet COWI har nyleg sett på effektane av fjordkryssingsprosjektet mellom Stord og Os. Og dei meiner veksten i dei to kommunane vil vera avgrensa.

– Stord er litt for langt unna Os. Det er langt nok til at folk i liten grad kjem til å pendla mellom dei to kommunane, seier Mehammer til NRK Hordaland, som skriv om rapporten måndag.

Ifølgje rapporten og dei utrekningane som er gjort av COWI, vil verdiskapingseffekten av E39-utbygginga verta 20 millionar kroner per år. Når prosjektet er kostnadsrekna til nesten 40 milliardar kroner, meiner Mehammer at nytta kontra kostnaden er ganske liten.

Men for ein kommune vil det nye sambandet gje stor effekt, nemleg Tysnes.

– Det er Tysnes som er den klare vinnaren. Det er kanskje ikkje med på å bidra til at dette prosjektet er det mest samfunnsnyttige i landet, seier Mehammer vidare til NRK Hordaland.

Også andre miljø trekkjer i tvil kor lønsamt prosjektet eigentleg er i samfunnsøkonomisk perspektiv. Harald Minken i Transportøkonomisk institutt er også sterkt i tvil til om prosjektet er så lønsamt som nokon vil ha det til.

– Nokon har putta altfor mykje tran inn i reknestykka sine, meiner han ifølgje NRK Hordaland.

Debatt: Sigmund Kroka om E39 over Stord

Dette står i skarp kontrast til kva andre har meint om det ferjefrie sambandet over Bjørnafjorden. Torger Reve, BI-professor, meiner prosjektet vil ha stor effekt for heile Vestlandet.

I utrekningar som Reve har gjort for NHO, kjem han fram til at sambandet kan vera nedbetalt 3,5 år. Og at det prosjektet åleine vil løysa ut 3,5 milliardar i ny næringsaktivitet.

­– Dette viser det me har hevda lenge. At Hordfast vil vera eit regionforstørrande og lønsamt prosjekt, sa Tom Knudsen, regionsdirektør i NHO Hordaland i januar 2015.

Tysnes-ordførar Kåre Martin Kleppe (H) meiner overfor NRK det er vanskeleg å argumentera for det kostbare prosjektet når forskarane konkluderer i heilt forskjellige retningar.

Les saka i Sunnhordland!