Ferjefri E39 kan koste bilistane dyrt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bompengesjokk for ferjefri E39

Nye tal viser at rekninga som går til bilistane, kan kome på 110 milliardar kroner, skriv NRK.no. I summen på 3.700 kroner mellom Kristiansand og Trondheim er ikkje bompengepakkar i byområda rekna med.

Eksempelvis kan prisen kome til passere tusen kroner både mellom Bergen og Stavanger og Bergen og Ålesund, ifølgje grove overslag. Reisetida blir på si side den halve.

– Bompengane du må leggje på for å oppnå dei høge eigenfinansieringskrava, verkar heile urealistiske, seier trafikkforskar ved Transportøkonomisk institutt Harald Minken og meiner dei høge bompengeprisane kan kome til å skremme vekk bilistane som skal betale.

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) vil ikkje kommentere saka, men KrF-leiar Knut Arild Hareide seier til NRK at staten må inn med meir midlar om økonomien skal gå opp. (©NPK)

LES OGSÅ: Sår tvil om effekten av ferjefritt