Endelig fred å få

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kalvø: Endelig fred å få

For akkurat no ser eg ut vinduet frå hotellrommet mitt i tolvte etasje. Eg lever eit ellevilt liv og bur mykje på hotell. Gjerne i tolvte etasje. The sky’s the limit.

Det fine med å bu såpass høgt oppe, er at ein kan sjå ned på andre tak. Akkurat no ser eg ned på taket til noko som sannsynligvis er ein kontorbygning. Sikker er eg ikkje, eg er ikkje veldig godt kjent i denne byen. Men det ser sånn ut. Det har nettopp blitt vår i denne byen. Veldig vår. Det blomstrar. Det begynner å bli varmt.

Det er skygge på nesten heile dette taket eg ser ned på. Men det er eit lite hjørne der det er sol. Kanskje ikkje meir enn ein kvadratmeter. Og der sit det ei dame. Ho er kontorkledd. Ho har eit pappkrus med kaffi i handa. Ho sitt på ein plaststol, som er det einaste møbelet som er å sjå på dette taket. Og der sitt ho, på den einaste kvadratmeteren med sol, midt i arbeidstida, heilt åleine, og smiler.

Eg må sjå litt nærmare på den rapporten, har ho kanskje sagt, så har ho forlate møtet, og gått via kaffiautomaten til taket. Tatt med seg plaststolen og funne den eine plassen i bygninga der det er vår. Og der skal ho berre sitte heilt stille og smile i ein kaffis tid før ho går tilbake.

Det går an å gløyme alt anna.

Men lett er det ikkje. For radioen står på. Det er ein debatt. Eg høyrer på slikt av og til. Eg legg vekt på å halde meg orientert og sette meg inn i kva som rører seg i samfunnet. Akkurat no er det to trønderar frå to sentrumsparti som skuldar kvarandre for å ha svikta alle verdiar dei gir seg ut for å forsvare. Dei kallar kvarandre løpegutar og feige. Programleiaren avbryt krangelen for å få dei til å krangle meir. Og det gjer dei. I stad snakka mange mykje om kvifor vi snakkar så mykje om den rettssaka. Burde vi ikkje eigentlig berre vere stille og ikkje bry oss, spurde programleiaren. Og så snakka mange mykje om det. Så kom trønderane. Eg veit ikkje lenger kva det eigentlig handlar om. Kanskje noko med kommunereforma. Det skulle ikkje forundre meg. Dei snakkar, i alle fall, høgare og høgare. Og dei irriterer meg.

No reiser dama på taket seg. Ho trekker pusten djupt og ser seg rundt. Så får ho auge på meg, der eg står og ser ned på henne frå tolvte etasje. Ho gliser og løftar kaffikoppen til helsing. Eg har ing-en kaffikopp å helse med, men eg løftar ein mental kaffikopp og smiler tilbake. Eg synest eg skul-dar henne det.

Eg snur meg til radioen. Kom igjen, seier eg høgt til ein av trønderane på radioen. Det er ikkje det-te du vil. Kom igjen! Og eg håper han høyrer på meg. Ein gong må det skje. At midt i dei endelau-se skuldingane om å vere løpegutar og svikte ideala, så seier plutselig den eine trønderen «Eg må ut ein liten tur».

Og så går den eine trønderen. Programleiaren og den andre trønderen sitt igjen. Dette forstår dei ikkje. Det er ei direktesending. Ein kan ikkje berre gå ut ein liten tur under ei direktesending. Dei blir urolige. Han kjem sikkert tilbake snart, seier programleiaren. Mest til seg sjølv, eigentlig. Dei to veit ikkje kva dei skal seie no, når han eine som skulle krangle er borte. Det blir rar stemning i stu-dioet. Dei kremtar litt. Prøver seg med small talk, men droppar det fort.

Han kjem sikkert tilbake snart, seier programleiaren ein gong til. Snart.

Men han gjer ikkje det. Etter fem minutt med kremting, seier den andre trønderen: Kanskje vi skal gå og sjå etter han? Programleiaren sett pris på forslaget. Så skjer det i det minste noko. Dei går gjennom gangane, spør folk om dei har sett han. Nokon peiker opp. Opp? Dei går opp, og ut på taket. Der sitt trønderen på ein plaststol i sola, og ser ikkje ut til å ha tenkt seg tilbake til debatten med det første.

Programleiaren prøver seg»: «Du kan ikkje berre…»

Hysj, seier trønderen, og peiker på to plaststolar. Programleiaren og den andre trøndaren ser på kvarandre, trekker på skuldrene, tek kvar sin stol og sett seg ned. Dei må sitte veldig tett, for det er ikkje mykje sol der. Dei smiler til kvarandre, sender kaffikoppen rundt.

Og endelig er det stille i radioen.

Først publisert i Aftenposten 19. mars.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!