Flyseteavgifta utsett til juni

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Planen var å innføre avgifta 1. april, men det var før EFTAs overvakingsorgan ESA torsdag i førre veke vende seg til regjeringa. Bodskapen var at avgiftsunntaket for transferpassasjerar ikkje er forskriftsmessig varsla.

DEBATT: «Det må koste meir å reise»

– Dersom det blir gjennomført i si noverande form, og i ei utstrekning som omfattar statsstøtte, vil ESA behandle det som «ulovleg støtte», heiter det i eit brev til Nærings- og fiskeridepartementet.

Same bekymring blei også påpeikt i høyringsrunden, men regjeringa har heile tida halde fast ved at avgifta ikkje omfattar statsstøtte og at eit førehandsvarsel til ESA derfor ikkje var nødvendig.

Finansminister Siv Jensen (Frp) er trygg på at avgifta trass meldinga frå ESA kjem til å bli innført som føresett av Stortinget.

– Vi har heile tida halde oss lojalt til stortingsvedtaket. Men når ESA no vil behandle saka og lovar å kome med ei avgjerd raskt, er det mest fornuftig å utsette avgifta. På den måten unngår vi risiko for at eventuell støtte må tilbakebetalast, seier ho til NTB.

Avgifta var meint å ta inn cirka 1 milliard kroner i inntekter til staten i 2016, føresett at ho blei innført frå 1. april. (©NPK)