mm
Faktaboks

Andre abortførebyggjande forslag frå KrF:

• Erstatte abortlova med ei lov som sikrar «rettsvern for det ufødte liv»

• At kvinner med minoritetsbakgrunn skal få informasjon om prevensjon og alternativ til abort

• Stramme inn lova når det gjeld abort etter påviste avvik hos fosteret og ikkje tillate abort på eugenisk indikasjon

• At det automatiske tilbodet om fosterdiagnostikk til kvinner over 38 år blir avvikla

Kjelde: Klassekampen

LES FAKTALUKK FAKTA

– Vi vil at ufødt liv skal ha eit rettsvern. Det har det ikkje i dag. Også i vårt alternativ må det vere nokre unntak som må vere til stades, seier KrF-nestleiar Dagrun Eriksen til Klassekampen.

LES OGSÅ: Stabile ekteskap med aborttilbod

«Obligatorisk refleksjonstid»
Avisa kunne i dag melde om at KrF sin programkomité går inn for at partiet skal strama inn retten til abort, både samanlikna med dagens situasjon og det gjeldane partiprogrammet. Dette kjem fram i første programutkastet for stortingsperioden 2017-2021, som skal ut på høyring i partiet.

KrF går inn for ein nullvisjon for abortar i Noreg. For å få til dette føreslår dei mellom anna at kvinner som søkjer abort skal få rettleiing, før dei får ei «obligatorisk refleksjonstid» på 1–2 døgn før ein abort kan gjennomførast.

– No finst det høve til å gå rett på sjukehus og nesten utføre aborten med éin gong. Det å få eit høve til å kome heim, vurdere heilskapen og tenkje seg om, trur vi vil vere sunt. Eg trur mange tek avgjerda nesten utan at dei føler at dei heng med, seier Eriksen til Klassekampen.

Sjølv om ho ser føre seg ein nullvisjon, fortel nestleiaren at partiet ser på situasjonar der ein må opne for abort. Til dømes om det står om livet eller har vore utført ei kriminell handling.

LES OGSÅ: Forfattar etterlyser historier om abort

Ungdomspartiet KrFU har òg engasjert seg i saka. I fjor delte dei ut kondomar på gata for å setje fokus på sitt krav om gratis hormonell langtidsprevensjon for alle kvinner under 25 år.

I 2014 kom det sterke reaksjonar på regjeringa og KrF sitt forslag om å innføra reservasjonsrett for legar som ikkje vil visa kvinner vidare til abort. Støttepartiet Venstre støtta ikkje forslaget, som til slutt vart skrota.

Ovanfor Klassekampen kritiserer Venstres Sveinung Rotevatn det nye forslaget, som han meiner er enno eit døme på KrF-politikk som vil uthole retten til fri abort.

LES OGSÅ: Færre tenåringsabortar

Partisekretær i SV, Kari Elisabeth Kaski, går til åtak på forslaget i innlegget «KrF tilbake til førre århundre!» i VG. Ho kallar forslaget respektlaust og samanliknar det med å sende barn i skammekroken.

«De vil gjøre det vanskeligere for kvinner å ta abort i det håp at færre vil ta valget. Dette er ren moralisme,» skriv Kaski, som foreslår to dagars tenkepause før KrF fremmar «fordummende, stokk konservative forslag». 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.08

LES OGSÅ

ANNONSE