Opnar vaksenfritt bibliotek

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vaksne har ingen adgang, dette blir eit bibliotek på dei unges premisser, seier biblioteksjef Kristin Danielsen i ei pressemelding.

Torsdag 31. mars vert det offisiell opning av Biblo Tøyen, Deichmanske bibliotek sin splitter nye bibliotekfilial, som er spesiallaga for 10-15-åringar.

LES OGSÅ: Fleire går på biblioteket

676 søkjarar til 5 stillingar
Ifølgje Danielsen vert opningshelga ein av dei få gongane vaksne vert invitert inn i lokalet. Målet er eit bibliotek på barn og unge sine premissar, der vaksne ikkje har åtgang – med unnatak av dei tilsette.

I november kunne Aftenposten melde om at heile 676 personar hadde søkt på fem stillingar ved det nye bibliteket.

Filialleder Reinert Mithassel fekk dermed ei utfordrande oppgåve med å velje ut dei riktige kandidatane.

Dei tilsette har òg fått hjelp av 30 ungdommar på Tøyen, som gjennom ein workshop har kome fram til kva dei ynskjer for biblioteket.

–  Svara var alt frå mat, spel og forfattarbesøk til verkstad og scene. Dei vil ha ein stad for ro. Og dei vil ha tydelege vaksne. Alt dette får me til, lova Mithassel i fjor.

LES OGSÅ: Eit bibliotek med telt og syklar

Faktaboks

Biblo Tøyen skal halde ope sju dagar i veka, med unnatak av skuleferiane. Opningstidene er 14-19 på kvardagar og kl. 12-16 i helgene. Skuleklassar kan kome på kvardagar mellom kl. 09:30 og 14:00.

Kjelde: Deichmanske bibliotek