Cuba-krokodillar til Flå

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Blant dei er ein 2,5 meter lang amerikansk alligator og fem hissige cubanske krokodiller, alle frå Krokodille Zoo i Danmark, fortel NRK.

– Dette er ei historisk stund – og ei veldig god stund, seier bjørneparkdirektør Kees Oscar Ekeli.

Seinare denne veka kjem fleire skjelpadder og slangar til Bjørneparken.

Bamsefar sjølv vart vekt frå vinterdvalen måndag morgon og skal saman med elgane, gaupene, revane, geitene, piggsvina, hengebuksvina og dei nyinnflytta reptila vere klare til sesongopning til helga. (©NPK)